Sauebonde Astrid Woxen Thoen er kritisk til at Nortura er så gjerrig med informasjon om koronautbrotet. I det minste burde dei informere bønder som ventar på å sende dyr til slakting, meiner ho.

Kritiserer Nortura for dårleg informasjon

– Vanlegvis er Nortura flinke til å sende SMS om alt frå prisendringar til medlemsmøte. Men etter koronautbrotet har det vore heilt stille.

I dag, torsdag, hadde sauebonde Astrid Woxen Thoen bestilt slaktebil frå Nortura. Men etter at slakteriet på Gol sist veke vart ramma av eit koronautbrot, har ho vore usikker på kor lenge ho må vente før ho får sendt dyra til slakt.

– Ver heller open om utfordringane

Ho etterlyser betre informasjon frå Nortura om korleis bedrifta løyser utfordringane etter koronautbrotet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Fleire nye smittetilfelle i Gol - no er 17 personar koronasjuke

– Eg skjønar at dei ikkje har full oversikt og at dette er ein krevjande situasjon, men eg hadde sett pris på litt meir informasjon. Ein SMS om at dei jobba med saka og at dei ville sende ut informasjon så raskt dei hadde ei løysing, seier ho.

Ein liten notis på medlemssida

Først onsdag, dagen før slaktebilen var bestilt, kom det melding om at slaktinga vart flytta til fredag og at dyra vil bli sendt til Rudshøgda. Ho meiner slakteriet burde gje betre informasjon til bøndene.

– Vanlegvis er dei flinke til å sende ut SMS om alt frå prisendringar til medlemsmøte. Men etter koronautbrotet har det vore stille. Ut over det som har stått i Hallingdølen, har Nortura berre delt ein liten notis på medlemssida om at det truleg ikkje blir slakting på Gol denne veka, seier Thoen.

Logistikkproblem

– Får manglande informasjonsflyt konsekvensar for deg som bonde?

– Ja, for det er litt logistikk som må på plass før du sender dyr til slakteriet. Og slike ting treng litt planlegging. Difor set me pris på å få informasjonen litt på førehand. Eg har ein flokk med dyr som må skiljast. Slaktedyr må stå inne slik at dei er turre når bilen kjem. Og skulle det bli slik at det tek lengre tid før Nortura kan ta dyra, er eg bekymra for at vinteren kjem. Viss eg ikkje hadde fått levert no, vill eg slite med å fått plass i fjøset, seier ho.

Les også
Rekordmange testa på ein dag i Gol

Det er mange deltidsbønder blant Nortura-medlemmene i Hallingdal. Fredag, når slaktebilen kjem, er Astrid Woxen Thoen på jobb.

– Då er eg avhengig av at andre kan stille opp. Heldigvis bur far min i nabohuset, han stiller opp og hjelper meg.

– Taper ikkje noko på å vere opne

– Kva synest du om at Nortura er så gjerrige med informasjonen?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det undrar meg at dei ikkje sender ut noko i ei krisetid som bedrifta er i no. Dei taper ikkje noko på å gå ut med informasjon. I ei slik krise er det viktig med god informasjonsflyt. Når folk ikkje får høyre nokon ting, lurer dei på kvifor. Om ikkje alt er avklart, får dei heller vere opne om at dei jobbar med å finne løysingar, seier ho.

Uoversiktleg situasjon

Fabrikksjef Ingrid Hillestad Medhus på Nortura Gol svarar slik på kritikken om mangelfull informasjon til bønder som skal levere dyr til slakt.

Les også
Koronautbrotet ved Nortura: – Det har vore heilt forferdeleg

– Ting har forandra seg veldig raskt. I ein situasjon som denne, blir det gjerne slik. Det eg sa i går, er ikkje lenger gjeldande i dag, seier ho. Sjukdomsutbrotet har ført til store endringar for bøndene som skulle levert til Gol. Det gjeld ikkje berre Hallingdal, men på heile Austlandet.

– Eg håpar alle dette har fått konsekvensar for, har fått informasjon no. Anlegget ved Rudshøgda har gjort om på sine planar. No blir det meste av småfeslakt dirigert dit. Det blir også sendt noko Nortura-anlegget i Førde, seier ho.

– Eg trur me no har klart å slakte det meste av det som var planlagt. Så vil me snart vite meir om kva som skjer vidare. Då blir det lettare å gi informasjon.