Kraftig smell på Rv7
To bilar kolliderte ved innkøyringa til Nesbyen.
Ulykka skjedde ved den vestre innkøyringa nokre minutt over klokka 17.00 måndag ettermiddag.
Ein bil som kom nordfrå på Rv7 kolliderte med ein personbil som skulle svinge inn til Nesbyen. Det er store materielle skader, begge bilane vart vrak i den kraftige samanstøyten.
Artikkelen held fram under annonsen.
Nes brannvesen var tidleg på ulykkestaden og tok seg av trafikkdirigeringa. Etter det Hallingdølen får opplyst ved operasjonssentralen til Nordre Buskerud politidistrikt er det ikkje meldt om at nokon vart alvorleg skadd i ulykka.
Dette er den tredje trafikkulykka på Rv7 i Nes dei siste to vekene.