Køyrde ut
Ein 19-åring frå Ål slapp uskadd frå ei utforkøyring sundag kveld.
Han kom over i motsett køyrebane i Valdresvegen i Gol. For å unngå kollisjon med ein møtande bil kasta han bilen tilbake i køyrebanen sin, fekk sleng og køyrde utfor vegen.
Tidlegare på dagen køyrde ein bil med to personar utfor vegen på Rv40 i Skurdalen. Dei vart teke hand om av ambulansepersonell og køyrt til legesjekk.
Artikkelen held fram under annonsen.
Laurdag kveld køyrde ein bil utfor vegen i Nesbyen. Personane i bilen hadde forlate åstaden då politiet kom. I følgje opplysningar politiet fekk kunne det vere snakk om promillekøyring. Men ingen personar som kunne knytast til bilen vart funne.