Køyrde i 115 km/t i ei 60-sone
Ein ung bilførar råkøyrde i Nesbyen.
Det enda med fengselsstraff.
For det kostar å køyre i 115 km i timen i ei 60-sone. Han vart teken i Allfarvegen i Nesbyen midt på natta for snart ein månad sidan. I retten forklarte sjåføren, som er frå Nes, at han var på veg heim, og ikkje var klar over kor fort han køyrde. I tillegg til fengsel, vart han fråteken førarretten i 17 månader.