Dirigent Tori Snerte (t.v.) i Hemsedalskoret fann kjemien med den ukrainske Stefania Soltys frå Notodden Visekor. Her er dei solistar på ein ukrainsk folkesong.

Korkonsert med fredsbodskap: – Har vald ut songar med sterke tekstar

– Det er moro når konserten blir dobbelt så bra som me hadde håpa på førehand. Eg er skikkeleg stolt og håpar folk får dette med seg.

Sist helg var dirigent Tori Snerte og Hemsedalskoret på besøk hjå korvenner i Notodden Visekor. 70 songarar og fullt band heldt konsert i Notodden Teater. Laurdag held dei konsert på Fausko og inviterer til låvefest etterpå.

Snerte fortel at det er ein konsert som tek opp store tema i vår tid. Krigen, freden og kor sårbare me er som menneske.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Her vaknar bygda frå koronadvale - sjekk den elleville videoen

På repertoaret står mellom anna Queens Bohemian Rhapsody, Blomen av Stein Torleif Bjella, Fryd av Anne Grete Preus og Coldplays Viva la vida.

– Me har vald musikk som har sterke og gode tekstar. Dette er ei variert samling poplåtar, som har blitt smakfullt arrangert for kor av ei av landets beste arrangørar, fortel Snerte, som siktar til Marianne Tovsrud Knutsen, dirigenten i Notodden Visekor.

– Ho har laga så fine arrangement. Det er akkurat så vanskeleg at me klarar å synge det, og samtidig få det til å låte fantastisk flott, seier ho.

Les også
Fritalande president på besøk: – Ingen skal bli pressa til å teie
Les også
Mildvêret aukar faren for snøskred - følg med kor du går
Les også
Gjorde ikkje heimeleksa si - derfor fekk kommunen kraftsjokk på 42 millionar