Konsesjonssøknad på høyring
Ei kraftutbygging av Godfarfossen i Dagali er komen eitt skritt nærare. Konsesjonssøknad med konsekvensutgreiing er sendt ut på høyring.
Frist for uttale er sett til 20. juni 2012. I løpet av høyringsperioden vil Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) også arrangere eit folkemøte om planane, truleg i Dagali.
Det er Godfarfoss Kraft AS som har søkt om å få byggje Godfarfoss kraftverk. Selskapet er eigd av tre likeverdige partnarar: EB Kraftproduksjon AS, Nore og Uvdal kommune og Hol kommune. Bak EB Kraftproduksjon står Energiselskapet Buskerud (70 %) og E-CO Energi (30 %).
Artikkelen held fram under annonsen.
Produksjon på 56 GWh
Det planlagde kraftverket tek utgangspunkt i fallet mellom Nedre Svangtjønn (782 moh) og Pålsbufjorden (749 moh). Det er planlagt ein ca. 250 meter lang betongterskel ved utløpet av Nedre Svantjønn. Det skal ikkje etablerast noko magasin. I planane inngår ein ca. 840 meter lang tunnel, med eit tverrsnitt på 41 kvm.
Kraftstasjonen vil bli bygd ute i dagen og ha ein turbin med maksimal effekt på 16 MW. Kraftverket vil gi ein årleg produksjon på ca. 56 GWh (millionar kilowattimar). Det er til samanlikning godt og vel det dobbelte av Ørteren kraftverk på Haugastøl (25 GWh).
Det er foreslått ei minstevassføring i elva på 2 kbm/s i perioden 1. juni til 30. september.
Minus og pluss
Utbygginga er vurdert til å ha liten negativ konsekvens for reiselivet. Ein betydeleg reduksjon i vassføringa mellom Nedre Svangtjønn og Pålsbufjorden vil påverke naturopplevinga for folk på tur, men vegane som blir bygde, vil gi betre tilgjenge til elva. Det kan vere positivt for aktivitetar som sykling og turgåing. Ein annan positiv effekt er ei gangbru over elva. Den har både Dagali hotell, Dagali opplevelser og Nore og Uvdal kommune vurdert som positiv.
For reiselivet er konklusjonen at tilgjenge til området blir betre med kraftutbygginga, men opplevingsverdien av elva blir mindre.
Liten skade for fisken
Konsekvensutgreiinga for fisk og ferskvassbiologi konkluderer med at den samla konsekvensen av den planlagde kraftutbygginga er liten til middels negativ. Utbygginga får liten konsekvens for fisken i Nedre Svangtjønn, liten til middels konsekvens for fisken i Godfarfossen og liten negativ konsekvens for fisken nedstraums utløpet av Godfarfossen. For ferskvasslokalitetane i området vil konsekvensane vere små.
Miljøverndepartementet (MD) har tidlegare peikt på at Godfarfossen framstår som eit svært positivt naturelement, med urørde stryk og fossefall i landskapsbiletet. Området er lite rørt av tekniske inngrep, og ligg godt til rette for allment friluftsliv. MD har bedt om at konsekvensane for desse verdiane blir spesielt grundig vurdert.