Eksisterande bygningar i det som skal bli Leveld Kunstnartun
Eksisterande bygningar i det som skal bli Leveld Kunstnartun

Kommunen støttar Leveld kunstnartun

Ål kommune er med vidare og støttar etableringa av Leveld kunstnartun.

Kommunestyret vedtok før helga å støtte tiltaket med 630.000 kr i det som blir hovudprosjektet. Summen utgjer 30 pst av totalkostnaden. Vedtaket er i samsvar med tilrådinga frå næringsstyret, og løyvinga blir fordelt over tre år.

Eit forslag frå Ap om å auke satsen vil 40 pst og dermed 840.000 kr, fall mot fem røyster.

Artikkelen held fram under annonsen.

Heile kostnaden er på 2,1 mill. kr. Leveld kunstnartun søkte om å få dekt halvdelen av kommunen. I samband med forprosjektet i fjor fekk tiltaket 300.000 av kommunen.

Det var berre velvilje blant dei folkevalde. Usemja stod om storleiken på tilskotet.

Ellen Oppsato Mikkelrud (V) karakteriserte prosjektet som spennande. Ho la vekt på den breie støtta det har i bygda, som også andelsteikninga viser.

Magny R. Folkedal (Sp) peika på at ein ifølgje vedtektene kan gi inntil 50 pst i tilskot til eit slikt føremål. Sjølv om tiltaket er positivt, bør 30 pst vera nok meinte ho, og minte om at kommunen også har bidrege til forprosjektet.

– Leveld kunstnartun har potensial i seg til å bli eit fyrtårn sa Bjørn Trengereid Olsen (Ap) og foreslo 40 pst tilskot.