Ordførar Oddvar Grøthe meiner Hemsedal må leve med Rv52 gjennom sentrum i overskodeleg framtid. (Arkivfoto)
Ordførar Oddvar Grøthe meiner Hemsedal må leve med Rv52 gjennom sentrum i overskodeleg framtid. (Arkivfoto)

– Kommunen ønskjer vegen utanom

Hemsedal kommune har lagt til rette for å leggje Rv52 utanom sentrum. Men for vegvesenet er det lite realistisk på kort sikt.

Det seier ordførar Oddvar Grøthe i ein kommentar til at trafikken gjennom Hemsedal stadig aukar. Han har lese artikkelen i Hallingdølen laurdag om at Hemsedalsfjellet «tek» aust-vesttrafikken. Det kjem ikkje overraskande, tendensen har vore slik lenge.

– Vårt argument overfor overordna styresmakter er at me har ein enorm lastebiltrafikk gjennom sentrum. Men så er det slik at «enorm» er eit relativt omgrep i forhold til kvar du bur i landet, og kjem også an på auga som ser, seier ordføraren.

Artikkelen held fram under annonsen.

Satsar på kort sikt

Hemsedal kommune ønskjer primært at riksvegen blir flytt og har utarbeidd planar der vegen er lagt utanom alle tre sentruma i kommunen. Men frå Statens vegvesen har ein fått klar forståing av at dette er lite realistisk.

– Difor må me satse på meir kortsiktige tiltak. I år vil siste delen av miljøprioritert gjennomkøyring i Trøim bli gjennomført, med fartshumper og nedsett fartsgrense austover. Det gjer at me ikkje får den akselerasjonen midtvegs i sentrum som me har i dag. Men lastebilane vil framleis vere der. Og det er tungtrafikken som skaper dei største problema, seier Grøthe.

I sentrum på Tuv kom det fartshumper og nedsett fartsgrense i fjor sommar, og på Ulsåk blir det også arbeidd med visse tiltak.

Noko positivt

Biletet er ikkje heilsvart. Ordføraren kan sjå enkelte positive trekk:

– Det som er litt positivt, er at sentrale styresmakter ser ut til å sjå at Rv52 har trafikken. Dei siste åra har me fått vår del av ny asfaltering, kanskje med unnatak av akkurat dette siste året. Eg håpar dei held fram med å sjå det. For det hjelper ikkje å vedta at E16 skal vere hovudvegen mellom aust og vest viss ikkje brukarane er av same oppfatning, seier Grøthe.

Hans overordna syn er elles at langt meir av yrkestrafikken burde over på jernbane, der det ligg til rette for det.