Kommunane svarar: Mange skammar seg for å søkje hjelp
Det er ikkje pengemangel eller vond vilje som gjer at kommunane ikkje brukar Inn på tunet.
Det er tilbakemeldinga frå kommunane som fram til i dag har hatt avtale om å kjøpe tenester hjå Inn på tunet-garden Gåsterud.
– Me skulle gjerne sett at fleire ville nytta tilbodet, men det er viktig at den demente sjølv er motivert og har lyst, seier Borghild Ulshagen, helse- og sosialsjef i Ål.
Artikkelen held fram under annonsen.
Alle pårørande får informasjon
I Gol kommune er det sjukepleiar Olveig Engene som er kontaktperson i demensomsorga. Ho seier kommunen har hatt ønske om å forlenge avtalen, men at Inn på tunet-garden har sagt opp avtalen med bakgrunn i at rekrutteringa har vore for dårleg.
– Kvifor kan ikkje kommunen gå meir aktivt ut og rekruttere brukarar?
– Me informerer alle pårørande om Inn på tunet, på lik line med dei andre tilboda som rettar seg mot demente i kommunen. Det er ikkje slik at me «held tilbake» informasjon, men samtidig kan me ikkje gå aktivt ut og reklamere for éi bedrift, seier Engene.
– Me kan ikkje trylle
– Det handlar ikkje om å spare pengar på eit trongt kommunebudsjett?
– Nei. Økonomi har ikkje vore tema her. Kommunen får tilskot frå sentralt hald for lage aktivitetar til demente. Alle som har søkt seg til Inn på tunet i Gol, har fått tilbod om ein plass. Sett frå Gol kommune er det ønskjeleg om tilbodet får halde fram, men me kan ikkje trylle. Det er eit fint tilbod å få kome til ein gard og ta del i gardsaktivitetar, seier ho. Engene får støtte av helse- og sosialsjefen i Ål.
– Det handlar ikkje om økonomi. Det står heller ikkje på vilje. Inn på tunet er eit veldig godt aktivitetstilbod til demente. Utfordringa er at det er mange som takkar nei. Me har dei same utfordringane når det gjeld å rekruttere brukarar til det kommunale dagsentertilbodet, seier Ulshagen.
Vanskeleg å søkje hjelp
Ho seier personar med demens er ei brukargruppe kommunane har hatt vanskeleg for å rekruttere. Å få ein demensdiagnose er ei tøff utfordring. I starten er det mange som opplever at heile sjølvbiletet og sjølvrespekten blir ramma av sjukdomen. Dei har lyst å meistre livet og mange synest det er vanskeleg å vere open om diagnosen og søkje hjelp.
– I denne fasen av sjukdomen er det mange som ville hatt stort utbyte av Inn på tunet, men som vel å takke nei fordi dei tenkjer at det er for tidleg. For andre har sjukdomen kome så langt til at Inn på tunet er eit tilbod som ikkje passar. Kanskje er dei dårlege til beins eller har anna type funksjonssvikt i tillegg til demens, seier Ulshagen.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Gjer kvardagen rikare
– Kva går dei glipp av ved å takke nei?
– Inn på tunet gjer kvardagen rikare og kan også gje ei oppleving av å meistre sjukdomen. Kanskje kan det også bidra til å bremse sjukdomsprosessen. Og så er det også ei stor hjelp til dei som er pårørande. Me oppmodar pårørande til å kontakte oss dersom dei tenkjer at dette kunne vere noko for dei, seier Ulshagen.
* Det finst kring 78.000 menneske i Norge med demens, og 350.000 som er pårørande.
* Inn på tunet er tilrettelagde velferdstenester på private gardsbruk. Det finst tilbod for ulike brukargrupper, barn og ungdom, folk med rusproblem, funksjonshemma, og eldre og demente.
* Det finst i dag meir enn 400 Inn på tunet-gardar over heile Norge. Stiftinga Matmerk kvalitetssikrar tilbodet gjennom ei godkjenningsordning. I Buskerud er det 24 Inn på tunet-gardar; sju av desse ligg i Hallingdal, tre i Hemsedal, to i Nes og fire i Ål.
* Gåsterud på Torpo har spesialisert seg på demensomsorg. Dei tek 380 kroner i timen per brukar. Det er kommunen som kjøper plassar slik at tenesta er utan eigenbetaling.
(Kjelde: Matmerk og Gåsterud Inn på tunet-gard)