Meteorologane fekk rett då dei spådde uvêr i romjula. Hemsedalsfjellet kunne etter kvart opne for fri ferdsel andre juledag, mens det var kolonnekøyring på Vidda. (Arkivfoto)
Meteorologane fekk rett då dei spådde uvêr i romjula. Hemsedalsfjellet kunne etter kvart opne for fri ferdsel andre juledag, mens det var kolonnekøyring på Vidda. (Arkivfoto)

Kolonnekøyring på Vidda

Vinden har roa seg nok til at Rv52 Hemsedalsfjellet er ope. Rv7 Hardangervidda har kolonnekøyring måndag kveld, mens Fv50 Hol-Aurland er stengt.

Måndag kveld er det kolonnekøyring på Rv7 Hardangervidda. Fjellovergangen, som har vore stengt i fleire dagar, kan bli stengt att på kort varsel.

Rv52 Hemsedalsfjellet er ope for fri ferdsel, men har liten kuling og kraftige regnbyger måndag kveld.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fv50 Hol-Aurland er stengt, og blir ikkje opna måndag.

Fyrste juledag var alle fjellovergangane mellom Hallingdal og Vestlandet stengt på grunn av uvêr.

Hemsedalsfjellet var rett nok ope lenge, men måtte til slutt stenge. Det var storm i høgfjellet, og på Hardangervidda vart vinden målt til orkan styrke.