Klokka 09.15 på Fv50 i Vestredalen, 1162 moh, i retning Hol.

Alle fjellovergangane er opne

I helga har to av tre vegar mot Vestlandet vore stengt på grunn av uvêr i fjellet. Sundag løya vinden slik at alle vegane kunne opne.

Også på Rv7 Hardangervidda kunne brøytemannskapa ta pause frå kolonnekøyringa ein kort periode. Men sundag ettermiddag måtte dei på nytt innføre kolonnekøyring på Rv7 Hardangervidda, før dei seint sundag kveld igjen kunne opne vegen for fri ferdsel.

Ved midnatt sundag var at alle fjellovergangane, både Rv52, Fv50 og Rv7 opne. Og slik er det også måndag morgon.

Artikkelen held fram under annonsen.

Statens vegvesen åtvarar om at det er glatte parti somme stader.

For siste oppdaterte trafikkmelding klikk her.