Kollisjon mellom bil og lastebil
Ei kvinne (22) heimehøyrande i Oslo hamna på Ringerike sjukehus etter kollisjon mellom ein personbil og ein lastebil på Rv52 mellom Gol og Hemsedal 1. juledag.
Trafikkulykka skjedde 300–400 meter nord for avkøyrsla til Grønlio, ikkje langt frå kommunegrensa mellom Gol og Hemsedal.
Ulykka skjedde då sjåføren i personbilen på veg sørover mista kontrollen, begynte å snurre og trefte lastebilen i front.
Artikkelen held fram under annonsen.
Korkje bilen eller lastebilen skal ifølgje politiet ha hatt stor fart.
Kvinna som køyrde personbilen sat ei stund fastklemt, men vart etter kvart sett fri då nødetatane kom til for å hjelpe. Ho vart flogen med luftambulanse til Ringerike sjukehus. Det var ingen andre i ulykkesbilen.
Skadeomfanget er ukjent, men den fyrste meldingane gjekk ut på at sjåføren var bevisst, men hadde skade i rygg og nakke.
Politiet sende ut fyrste meldinga om ulykka litt over klokka 17 torsdag, første juledag.
Vegen forbi ulykkesstaden var stengt ein times tid etter ulykka, men ved 1830-tida vart vegen opna for trafikk att. Det var kring minus 20 grader og glatt på staden der ulykka skjedde.