Klokketjuveriet i Gol: – Veit du kven denne personen er?

Kva gjer denne personen utanfor vindauget til Intersport Gol natt til måndag?

Mellom klokka to og fire denne natta tok folk seg inn i butikken til Intersport Gol. Vedkomande brukt øks og slo sund eit sidevindauge i fronten. Deretter kravla personen seg fram til eit glasstativ med dyre sportsklokker, knuste glaset og tok med seg klokkene.

– Det er kjedeleg når slikt skjer. Ubehageleg, seier dagleg leiar i butikken Eirik Walan.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tjuvane tok seg inn i Intersport-butikken ved å knuse eit sidevindauge i fronten.

Alarmen varsla ikkje

Butikkdrivaren vart kontakta av folk som skulle på jobb måndag morgon og som såg det knuste vindauget. Alarmen i butikken slo nemleg ikkje ut. Det var fyrst på morgonen Walan oppdaga kva som hadde skjedd.

Politiet kom på staden for å sikre spor. I ettertid har dei også sett gjennom videoopptak for å finne ut om mistenkeleg aktivitet.

Det er eit slikt opptak politiet no ønsker opplysningar om.

– Kjenner du personen?

– Politiet er svært interessert i opplysningar om personen som er filma utanfor butikken natt til måndag. Me håpar personen melder seg, eller at andre har opplysningar om kven dette er, seier seksjonsleiar i politiet i Hallingdal, Kari Birgit Møllerplass.

Videoen syner ein mørkkledd person med lue og veske som går forbi butikken i den tidsperioden innbrotet har skjedd.

Møllerplass er i det heile interessert i alt av opplysningar om observasjonar i Gol sentrum denne natta. Om personar, bilar eller andre ting folk har lagt merke til.

-Politiet vil gjerne ha tips, seier Kari Birgit Møllerplass.

Klokker til over 100.000

Det vart dyre sportsklokker tjuven eller tjuvane fekk med seg. Klokker til ein samla verdi på over 100.000 kroner. Butikkdrivar Eirik Walan trur vedkomande hadde gjort seg kjent med butikken på førehand.

– Dei har nok ganske sikkert vore i butikken i løpet av dei siste dagane. Me prøver å tenke tilbake, men det er ikkje lett når trafikken er så stor som han er no før jul, sa Walan til Hallingdølen måndag.

Artikkelen held fram under annonsen.

No håpar politiet på hjelp frå publikum.

– Me håpar å få tips om personen på videoen eller opplysningar om ting folk har sett i Gol sentrum denne natta, seier Kari Birgit Møllerplass.

Les også
Etterlyst i heimlandet - arrestert i Hallingdal
Les også
Lengre frå sjøen kjem ein ikkje - likevel set han Ål på kartet som sjøfartsbygd
Les også
Varslar godt vêr julaftan: - Fyrst litt snødryss, så blir det fint