Karsten Isachsen som keisar Franz Josef, Geilo Samfunnshus, april 1976. Her saman med Einar Grieg.
Karsten Isachsen som keisar Franz Josef, Geilo Samfunnshus, april 1976. Her saman med Einar Grieg.

Klipp om Karsten

Me har dukka ned i arkivet og funne nokre klipp frå det som er sagt og skrive av og om Karsten Isachsen.

«Vi nemner også Karsten Isachsen som keisar Franz Josef, som gjorde mykje ut av rolla og som ville gå ut og jakte på snaufjell og helberg».

(Omtale av operetta «Sommer i Tyrol», Hallingdølen 2. april 1976)

Artikkelen held fram under annonsen.

«Kyrkja er ei av dei få rørslene som ønskjer å fyllast med dei som ikkje er vellukka; dei elendige, dei halve, dei dårlege, dei umoralske. Kyrkja skal vere ein filial av krybba i Betlehem, og den var vel heller ikkje så vellukka». (Sommarintervju med Karsten Isachsen, Hallingdølen 17. august 1976)

«At Morgan Kane bodde i Skurdalen visste vi ikke før han dukket opp i Lørdagsrevyen i Karsten Isachsens skikkelse, sammen med sin forfatter Kjell Hallbing.» (Hallingdølen 24. desember 1982)

«Jeg er prest fordi jeg tror evangeliet om Jesus er det fineste et menneske kan ta imot.» (Hallingdølen 24. desember 1982)

«Eg plar for spøk å seie at eg har skrive fleire bøker enn eg har lest!». (Forfattar Karsten Isachsen til Hallingdølen 2. november 1996)

«Tidleg på 70-talet hadde Isachsen, som då var prest i Ullern kyrkjelyd i Oslo, teke til å ha konfirmantleirar på Fagerli. Fabian Stang, som i dag er ordførar i Oslo, var med i det fyrste konfirmantkullet som var på leir der». (Hallingdølen 15. desember 2012)

«Livet før 60 er nåde. Etter 60 er det rein nåde. Det var hyggeleg med ope hus. Eg ante ikkje om det kom sju eller elleve – og så har det dukka opp over hundre stykke!» (Karsten Isachsen hadde ope hus på Eivindsplass på sin 60-årsdag. Hallingdølen 23. februar 2004)

«Det var ved ei idemyldring mellom Karsten og meg at me kom opp med ideen om tunmesse på Eivindsplass, og Karsten stilte tunet sitt til disposisjon». (Prest Sveinung Hansen til Hallingdølen, 12. juli 2012)

«Eg har i staden for det vanlege vaksenlivet gått direkte frå postpuberteten til preseniliteten, utan mellomsteg. Men eg føler likevel at eg har vore i livets hovudgate heile vegen». (Forordet til boka «Underveis til Guds evige sommerdag». Hallingdølen 20. oktober 2012)

Artikkelen held fram under annonsen.

«Eg stiller med glede opp for homofile. Eg stilte opp på ei solidaritetsgudsteneste for homofile for 40 år sidan. Då var eg fersk prest, og folk sa det må du ikkje finne på å gjere fordi då godkjenner du homofili. Det brydde eg meg ikkje om». (Karsten Isachsen til Hallingdølen, 21. januar 2014)

«Å leve er å være ruset på livet. Hver dag er en gave fra livets hender. Jeg takker Gud for både gode og dårlige dager, og trykker dem til brystet og lever dem». (Sett uttate, Hallingdølen 14. juni 2014)

«Eg lever eit utmerka liv. Det er eit annleis år, men viktigast for meg er at eg har mista evna til å kjede meg. Eg har hatt ei eventyrleg oppleving i år. Denne vinteren, våren og sommaren har vore den finaste i Hallingdal på hundre år, og eg har starta dagen med ein førti minutt nydeleg tur gjennom Hallingdal. Det har eg gledd meg til kvar dag». (Dialysepasient Karsten Isachsen til Hallingdølen 22. november 2014)

«Gjennom hans humor og livsglede har mange hentet fornyet mot til å leve». (Frå grunngjevinga for tildeling av St. Olavs Orden. Hallingdølen 20. januar 2015)

«Tildelinga er vel fortent. Dette er hyggeleg for Karsten og det er hyggeleg for oss som har arbeidd med å foreslå den». (Kjell Magne Bondevik til Hallingdølen, 20. januar 2015)

«Karsten Isachsen bragte inn i kyrkja at det er lov å både bruke og ta vare på sine eigne kjensler. Han har gjort det lettare å vere i kyrkja». (Bjørn Eidsvåg til Hallingdølen, 20. januar 2015)

«Å få ei blåklokke av eit barn gir ei enorm glede – dette er nok om lag av det formatet. Eg opplever det som eit varmt handtrykk, seier Karsten Isachsen om tildelinga av St. Olavs Orden». (Hallingdølen 20. januar 2015)

«Eg kom ikkje så langt som prest, men synest eg har hatt eit viktig og fint liv». (Karsten Isachsen til Hallingdølen 21. januar 2014)

Artikkelen held fram under annonsen.

Nokre glimt frå Dagens Karsten-spalte i Hallingdølen:

* Hva slags belysning hadde Noah i arken? Flombelysning.

* Den som får en tier, samtykker.

* Nei, men svigermor, skal du dra alt heldigvis?

* Idyll er all right på julaften. Men året har mange dager.

* Unngå julerushet. Gå i kirken hele året.

* Jeg har bestemt at i minnesamværet etter min begravelse skal det serveres kald kylling. For det er det verste jeg vet. Så da kan de sitte der og gnage.

* Hvis jeg arbeidet like hardt som folk flest, ville jeg få gjort like lite som dem.

* Noe av det viktigste en far kan gjøre for sine barn, er å elske deres mor.

* En by er et sted hvor folk er ensomme sammen.

* Fordi det finnes ekteskap uten kjærlighet, vil det også finnes kjærlighet utenfor ekteskap.

* Jeg har hatt mange bekymringer i mitt liv, men de fleste ble det ikke noe av.

* Kanskje det som stenger deg ute fra et bedre liv, er udrømte drømmer.

* Så lenge de arrangerer eksamener, vil det finnes bønn i skolen.

* Det er ikke det jeg leser, men det jeg husker som gjør meg klok.

* Så lenge vi skal dø og vet om det, vil det finnes religiøse mennesker.

* Det var så kaldt på Geilo i går at selv advokatene hadde hendene dypt i sine egne lommer.