Sander Thomsen Haga (til venstre) og Thilo Fossum Walaker er klare for volleyballturnering på samfunnshuset i Gol. Haga som ivrig spelar og Walaker som streng dommar.

Kliner til med heilaftan på volleyballbanen: — Folk skal ha det moro og det er sosialt

Thilo Fossum Walaker (17) frå Gol og Sander Thomsen Haga (18) frå Geilo har saman med klassen sin på Gol VGS sparka i gang volleyballturnering.

Dei to karane fortel at dei skal halde eit uoffisielt Hallingdalsmeisterskap i volleyball i Gol samfunnshus fredag, der det kjem lag og spelarar frå alle kantar av dalen.

Dei fortel vidare at alle frå alderen 9. klasse og oppover kan melde seg på, og det er ingen øvre grense.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Nokre er med for å spele og ha det moro, medan andre er med for å vinne.

Øvd eller ikkje

Walaker og Haga er tydelege på at dette ikkje er ei turnering som krev så mykje erfaring, faktisk kan du delta om du er heilt «grønn».

– Noko av grunnen til at me lagar slike arrangement, er jo at folk skal ha det moro og at det er sosialt. Det er ikkje så nøye om du ikkje har spelt så mykje før eller om du kan reglane, du treng ikkje vere uroleg. Alle får eit ark der reglane står, fortel dei.

Det er allereie mange lag som er påmeldt, men karane håper dei skal få full sal med både deltakarar og publikum. For dei som ikkje vil spele, har dei laga diverse aktivitetar.

– Det kan jo bli kjedeleg for publikum å berre sitte og sjå på heile kvelden. Difor har me planlagt alt frå sekkeløp, høgdehopp og laserskyting med skiskyttargevær. Det er artige aktivitetar. Og me har fått mykje fine premiar frå næringslivet i bygda, alt frå gåvekort til høgtalarar, fortel dei.

Walaker og Haga håpar det blir eit godt og blanda besøk, både på tribunen og ved volleyballnettet.

– Både Gol kommune og Hallingdal Brann- og redningsteneste stiller med lag. Så det blir spelarar i alle aldrar. Så langt har me 21 lag. Det blir turneringar frå ettermiddagen og fram til midnatt, der det blir avslutta med finale. Me håper det blir mange tilskodarar også.

Sander Thomsen Haga (i lufta) og Thilo Fossum Walaker sender ballen vidare, med ei klar oppfordring til fleire. Alle kan arrangere dette, meiner dei.

Sender ballen vidare

Fredagskvelden tek Walaker på seg dommardrakta og speaker-rolla. Haga tek sikte på seier og «smashar» saman med sitt lag.

Artikkelen held fram under annonsen.

På sikt håpar dei at fleire vil ta initiativ til slike turneringar, slik at dette kan bli noko som skjer fleire gonger i året.

– Det er nokre volleyballturneringar i året, men det hadde vore moro om det hadde vorte fleire. Me oppfordrar andre elevar, også frå for eksempel Ål vidaregåande skole til å prøve. Det er ikkje så vanskeleg å få til, det krev berre litt tid. Og me kan sjølvsagt stille med råd om korleis me har gjort dette, fortel karane.