Elevane frå Gol vgs. er nok ikkje vande med arbeidarsongar, men som resten av forsamlinga deltok dei ståande i allsongen som innleia Stoltenberg og Flåthen sine foredrag onsdag ettermiddag, med den mykjeseiande tittelen «Syng høyt, kamerater».
Elevane frå Gol vgs. er nok ikkje vande med arbeidarsongar, men som resten av forsamlinga deltok dei ståande i allsongen som innleia Stoltenberg og Flåthen sine foredrag onsdag ettermiddag, med den mykjeseiande tittelen «Syng høyt, kamerater».

Klassen fekk ikkje møte Jens

Det vart ikkje noko møte mellom statsminister Jens Stoltenberg og elevane frå Gol vidaregåande skule.

Stoltenberg vitja LO Stat-kongressen på Gol onsdag, og tradisjonen tru møtte ei av klassane frå Gol vgs. opp for å følgje foredraget til statsministeren. Tidlegare har Stoltenberg som regel helst på elevane, og det har også hendt at dei har fått Stoltenberg for seg sjølv ein halv times tid, og fått høve til å stille han spørsmål. Ikkje slik i år, noko både stram timeplan og tryggleiksomsyn må ta skulda for. I staden fekk dei følgje statsministeren frå bakarste benk på publikumsgalleriet. Eit møte på trygg avstand, kan ein seie.

Viktig arena

– Denne konferansen er ein av dei viktigaste politiske arenaene me har, sa LO-leiar Roar Flåthen, som besøkte konferansen for sjuande gong. Han retta ein stor takk til dei som har arrangert konferansen år etter år, i snart 40 år.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er godt gjort å skape eit slikt «trøkk» på denne konferansen, år etter år. Særleg viktig er konferansen denne gong med tanke på valet neste år, sa han.

Historisk

Stoltenberg og Flåthen innleia onsdag etter lunsj om det fagleg-politiske samarbeidet mellom fagrørsla og regjeringa i den tid dei raud-grøne har site ved makta.

– I denne perioden er fundamentet i velferdsstaten blitt forsterka. Det er også gjennomført ei historisk satsing innan samferdsel og kommuneøkonomien er styrkt med 60 milliardar kroner, heiter det i ei fråsegn frå LO’s representantskap.

Trass i uro for det komande valet, er det berre smil å sjå på LO Stat sin kartellkonferanse på Gol. F.v. LO-leiar Roar Flåthen. statsminister Jens Stoltenberg og LO Stat-leiar Tone Rønoldtangen.
Trass i uro for det komande valet, er det berre smil å sjå på LO Stat sin kartellkonferanse på Gol. F.v. LO-leiar Roar Flåthen. statsminister Jens Stoltenberg og LO Stat-leiar Tone Rønoldtangen.
Kartellkonferansen på Gol har halde til på Pers Hotel i snart 40 år.
Kartellkonferansen på Gol har halde til på Pers Hotel i snart 40 år.

Ekteskap

På den raudgrøne sida er det stor bekymring for den manglande oppslutninga rundt regjeringa. Opposisjonen fossar fram på alle meiningsmålingar. Tidlegare på onsdagen uttrykte partisekretær Raymond Johansen bekymring over det store fråfallet på raudgrøn side. Johansen meiner likevel at forholdet mellom Arbeiderpartiet og fagrørsla er godt, sjølv om diskusjonane rundt tunge saker har skapt ulyd.

– Usemje om vikarbyrådirektiv, lønnsoppgjer og tvungen lønnsnemnd til tross, forholdet mellom LO og Arbeiderpartiet er som eit godt ekteskap, seier Raymond Johansen.

Ikkje blåblått

Sjølv er ikkje fagrørsla i tvil om, at det komande stortingsvalet vil bli eit avgjerande retningsval:

– Den norske velferdsstaten har ikkje råd til eit blåblått eksperiment som vil dra norsk politikk kraftig til høgre. Privatisering av fellesskapets eigendelar og skattelette til dei rikaste er ikkje svaret når spørsmålet er korleis me skal halde oppe eit samfunn som gir alle innbyggjarar fridom, tryggleik og moglegheiter til å skape seg eit godt liv. LO Stat meiner difor at fortsett raudgrønt styre vil tene det norske samfunnet best.

Helseval

I dag, torsdag, skal fornyings- og administrasjonsminister Rigmor Aasrud innleie om fornying og effektivisering i staten, og helse- og omsorgsminister Jonas Gahr Støre skal halde eit foredrag om helsespørsmål. Det er venta at helse blir eit av dei viktigaste emna under stortingsvalet neste haust. 250 delegatar deltek på konferansen, som varer til i morgon, fredag.