Kjøper aksjar i Vidda-tunnel
Formannskapet i Nore og Uvdal har sagt ja til å kjøpe aksjar i Hardangerviddatunnelen AS.
Det er Hol kommune som har invitert naboane i Nore og Uvdal til å bli medeigar i tunnelselskapet. Tilbodet frå holingane er å kjøpe fem aksjar for 5000 kroner. Det har numedølene sagt ja til.
I saksutgreiinga blir det vist til at Rv7 også er ei viktig samferdselsåre for Nore og Uvdal. Sikkert vintersamband og heilårsveg mellom aust og vest har også stor betydning for næringslivet og persontrafikken i øvre Numedal. Ved å bli med som aksjeeigar Hardangerviddatunnelen AS viser ein at også Numedal ser på Rv 7 som eit viktig hovudsamband mellom aust og vest.