Kjempar om momsmillionar
Skattestyresmaktene held tilbake 6,3 millionar kroner i moms etter utbygginga i Vassfaret Bjørnepark.
Avgjerda i Skatt sør har fått leiinga i Vassfaret Bjørnepark Eiendom AS til å reagere. Olav Thon er pådrivaren i bjørneparken som formelt er organisert som ein stiftelse.
Vassfaret Bjørnepark Eiendom AS har teke ut søksmål mot Skatt sør. 14. mars møtest partane i Hallingdal tingrett.
Artikkelen held fram under annonsen.
Berre for Vassfarhallen
Bjørneparken i Flå er bygd ut for omkring 80 millionar kroner dei seinare åra.
Men Skatt sør vil ikkje gi momsfritak for heile utbygginga. Skattestyresmaktene meiner at momsfritaket berre omfattar bygginga av Vassfarhallen, sjølve inngangsporten til Vassfaret Bjørnepark.
– Me meiner at dette er urimeleg, seier styreleiar i Vassfaret Bjørnepark Eiendom AS, Trond Solvang.
Utbyggingar
Solvang seier at dei siste fire åra er infrastrukturen i parken bygd ut.
Vatn og avløp er bygd ut, det same er straumnettet, det er bygd fleire toalettanlegg og gangvegar, og gangbruer er utvida. Men dette meiner Skatt sør at det ikkje er momsfritak for.
– Då me fekk vedtaket, vurderte me å anke fordi me synest avgjerda er heilt urimeleg. Men fordi me meiner at saka er opplagt, tok me ut søksmål i staden, for å få ei raskare avgjerd, seier Solvang.
– Mykje pengar
Han meiner at Skatt sør har tolka regelverket annleis enn kva som blir gjort i andre skattedistrikt i tilsvarande saker.
– Skatt sør held tilbake 6,3 millionar i moms. For oss er det mange pengar, seier Solvang.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det er advokat Steffen Vestli Kvisler hjå regjeringsadvokaten som skal føre saka for Skatt sør. Han var oppteken i ei rettsforhandling og var derfor ikkje tilgjengeleg for ein kommentar i går.