Dronning Sonja og kronprinsesse Mette-Marit finn sine plassar før bisettelsen av Karen Christine Friele i Oslo domkirke måndag. Kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen i framgrunnen.

Kim Friele bisett frå Oslo domkirke: - Gjorde Norge til eit betre land å bu i

Kongehus og regjering var til stades då Kim Friele (1935-2021) vart bisett i dag.

Karen Christine (Kim) Friele døydde 22. november, etter eit langt og rikt liv. Dei siste 30 åra av sitt liv budde Friele på Haugastøl og etter kvart Geilo.

Kim Friele var i 1963 den fyrste i som stod fram som skeiv og har gjennom eit langt liv vore hovudpersonen i kampen for homofiles rettar. Like etter dødsbodskapen vart det kjent at Friele blir gravlagt på statens kostnad.

Artikkelen held fram under annonsen.

Biskop Kari Veiteberg held inngangsbøn under bisettelsen av Karen Christine Friele i Oslo domkirke måndag. T.v. sit Halvor Moxnes og Siri Sunde.

Bisettinga skjedde i dag, måndag, med 600 til stades i Oslo domkirke. Dronning Sonja og kronprinsesse Mette Marit var til stades, det same var statsminister Jonas Gahr Støre og ei rekkje representantar for det offisielle Norge. Men også mange knytt til organisasjonar som har kjempa for likestilling og homofiles rettar.

Statsminister Jonas Gahr Støre bukkar ved båra under bisettelsen av Karen Christine Friele i Oslo domkirke måndag.

Jonas Gahr Støre sa at Friele gjorde Norge til eit betre, friare og meir mangfaldig land.

– I et tid kor seksuell orientering handla om å tone ned, så stod Kim Friele opp. Ho talte for dei tusen tause og ho synleggjorde dei usynlege. Med ei kraft så sterk endra ho landet vårt for alltid. Norge vart eit betre, friere og meir mangfaldig land å leve i, sa Støre i Oslo domkirke.

Biskop Kari Veiteberg leia seremonien i domkyrkja. I talen refererte ho blant anna til ein av dei fyrste TV-debattane Kim Friele vart med i i 1973, der Friele uttalte følgjande: «Homofili er kjærleik. Viss du har opplevd i eige liv kva kjærleik er, veit du at det er ikkje farleg».

Kim Friele fann kjærleiken med med Høgre-politikar Wenche Lowzow, og dei to busette seg etter kvart på Haugastøl. Lowzow døydde i 2016.

Frida Ånnevik synger under bisettelsen av Karen-Christine Friele i Oslo domkirke måndag.
Eit regnbueflagg veivar framfor Oslo domkirke under bisettelsen av Karen Christine Friele.
Les også
Homopioner Kim Friele er død, 86 år gammal
Les også
Sjå bilete frå Kim Frieles liv