Endeleg letnar det, ekstremveret Hans er på retur. Biletet er frå Leveld i Ål torsdag 10. august 2023.

Kikk ut glaset - det er til og med sol!

I dag vaknar Hallingdal opp til eit langt lysare tilvære.

Regnet er slutt, ekstremvêret «Hans» på retur. I Leveld i Ål, der biletet over er teke, tittar sola gjennom skyene og lysset skodda utover i bygda.

Det er ikkje den einaste plassen i Hallingdal denne morgonen. Etter dagar med regn - rekordmengder med over 100 mm - letnar det opp.

Artikkelen held fram under annonsen.

Yr melder om opphald i heile Hallingdal i dag. Temperaturen vil ligge på 18-19 grader i nedre Hallingdal, 12-13 øvst i dalen. Men i heile dalen blir det opphald, med sol i kveldinga.

Varselet for morgondagen, fredag er endå betre. Då vil sola skinne dei aller fleste stadene.

Me får berre ta det inn. Etter dagar med regn, flaum og øydeleggingar er det sjeldan ein er meir letta over eit vêromslag med opphald og solglimt.

Leveld i Ål, klokka 08:15 torsdag 10. august 2023.