Kan endeleg begynne å rydde på Rv7 - slik er status for heile dalen: – Det er ikkje heilsvart
I store delar av Hallingdal vil Rv7 vere farbar att så snart vasstanden går ned. Men enkelte stader har vatnet herja hardt.
Onsdag kveld gjer byggeleiar Bjørn Kristian Bråten i Statens vegvesen opp status for heile Rv7 gjennom Hallingdal, kommune for kommune.
Det er lys i sikte. Men det krev av vasstanden går ned.
Artikkelen held fram under annonsen.
Særleg gjeld det nedre del av dalen.
– Opp til Gol dreier det seg så vidt me veit berre om vasstanden i elva. Når den går ned, og det ikkje lenger er vatn i vegen, trur me den er farbar. Mest truleg vil det bli nokre innsnevringar, men me meiner vegen vil vere grei opp til Gol, seier Bråten.
Brua har fått juling
Ved Gol kjem det første, store usikkerheitsmomentet: Brua over Hemsil.
Hallingdølen har tidlegare i dag publisert bilete som viser dei ville kreftene i elva som kjem ned frå Hemsedal. Der den kryssar under Rv7, er det enorme mengder vatn i sving.
– Denne brua har fått veldig hard medfart, seier Bråten.
– Nokon med brufagleg kompetanse kjem for å sjå på den torsdag. Me håpar vasstanden går såpass ned at me får gjort ei vurdering. Det ser ikkje bra ut, men brua står i alle fall. Eg tør ikkje spå noko om den.
Det neste punktet som skapar trøbbel på Rv7 er ved Torpo.
– Her er vegen noko undergrave, men me trur det er farbart når vasstanden går ned. Det blir gjort ei vurdering torsdag, seier Bråten.
Artikkelen held fram under annonsen.
Treng reparasjonar
Deretter er det brua ved Noss i Ål vatnet har herja hardt med.
– Her har det gått ein del gale med konstruksjonen. Det vil krevje ein del reparasjonar. Men me håpar det er litt betre enn kva det ser ut som, seier Bråten.
Lenger bort ventar området ved Breie, der det gjekk to store jordras tysdag. Desse feia med seg kvart sitt bustadhus. Torsdag kan oppryddinga starte.
– Då vil me få ut bilane som framleis er isolert mellom dei to rasa. Dei blir nok flytta i retning Geilo, seier Bråten.
Vanskeleg å spå
For å summere: Det er vasstanden som er den store nøkkelen for når vegvesenet kan opne dei ulike delane av Rv7 att. Når den er låg nok, kan dei naturleg nok ikkje vite.
Dei siste dagane har Statens vegvesen hatt mykje folk i sving. Blant anna for å handtere dei ulike vegstengingane og hjelpe til med trafikkavviklinga, men også for å drive skadeavgrensing.
Dei neste dagane blir hektiske.
– No håpar me vatnet går nok ned til at me får full oversikt. Så opnar me opp att så snart som mogleg, seier Bråten.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det er ikkje heilsvart, dette?
– Det er ikkje heilsvart. Sjølv om det vart litt verre då dei to bruene rauk.