Torgeir Vikane Stemsverk frå Gol fekk seg ei skikkeleg overrasking laurdag morgon. Etter å ha grave opp både blikkboksar og ein uopna tunfiskboks, merka han på metallsøkjaren at her var det noko stort i jorda.

Kan det vere frå vikingtida?

– Eg fekk hjartebank då det såg ut som eit sverd. Men eg tenkte at det kan det vel ikkje vere?

Torgeir Vikane Stemsverk frå Gol stod tidleg opp laurdag. Han tok fram metallsøkjaren og la ut på tur. Undervegs grov 28-åringen opp både metallboksar og ein uopna tunfisk-boks. Med eitt laga metallsøkjaren ein litt annleis lyd. Stemsverk skjønte at det dreidde seg om noko stort som låg under jorda.

At det skulle vere eit sverd, hadde han aldri trudd.

Artikkelen held fram under annonsen.

Berre om lag ti centimeter nedi jorda stakk ein rusten spiss opp. Då Stemsverk grov vidare, synte sverdet seg. No er fylkesantikvaren varsla.

10 centimeter under

– Det er ein stad eg har gått over fleire gonger. Det var eigentleg heilt tilfeldig at eg søkte med metallsøkjaren akkurat der, fortel han.

Stemsverk har hatt metallsøkjaren i fem år, men har ikkje nytta han dei siste to åra. Han er ferdig med studiet i digital prototyping og masterstudie i innovasjon og er heime på Gol att.

Metallsøkjaren har han nytta til mellom anna å finne att piler når han trenar med boge. No var det noko heilt anna enn ei pil.

– Eg hadde stilt inn på finsøk, fortel han. Dette betyr at søkjaren diskriminerer uønskt metall som jernspikar og liknande, og heller søker etter edlare metall.

Først finn han spissen på ein rusten, flat gjenstand. Resten av gjenstanden ligg på skrå nedover i jorda.

Kan det dreie seg om eit sverd frå vikingtida? Metallsøkjaren er stilt inn på finare metall.

Fekk hjartebank

– Det såg ut som eit sverd. Då fekk eg hjartebank, fortel Stemsverk. Han vart ivrig, men sa til seg sjølv at det kunne ikkje vere eit sverd.

Torgeir Vikane Stemsverk fann sverdet laurdag.

– Sannsynlegheita er så lita. Ingen finn vel sverd, smiler han. 28-åringen grov opp gjenstanden og tok bilete av han. Det ser ut som eit sverd. Utan skaft.

– Men eg starta å tvile på at det kunne vere eit sverd, så eg tok det med til ein kjenning.

Artikkelen held fram under annonsen.

Stemsverk rådførte seg med golingen Runar Foss Larssen, som meinte objektet var svært gamalt og dermed innleveringspliktig. Han meinte det kunne vere eit tveegga sverd. Men kor var skjeftet?

Då han grov vidare nedi, synte sverdet seg. Så fann han fleire delar.

Stemsverk drog attende og grov litt til på staden. Og ganske riktig. Han fann eit skjefte og to pinnar, hjalt? Stemsverk tok bilete av dette også.

Så ringde han fylkesarkeologen.

Vikingsverd

Det er funnet om lag 3500 sverd frå vikingtid i Norge. Dei har klinge eller blad med lengde mellom 70 og 90 centimeter. Klingen kan ha ein eller to egger. Frå 800-900-talet blir tviegga sverd omtrent einerådande.

Handtaka har underhjalt og overhjalt, som gir vern til handa og stabiliserer grepet. Overhjaltet kan ha laus topp som kallast knapp. Det kan vere dekor på hjalter og knapp. Dekoren er gjerne i kontrastmetall: kobberelegering, tinn, sølv og niello med geometrisk dekor eller dyreornamentikk.

Dei fleste sverda er funne i mannsgraver over heile Skandinavia, men flest er funne i Norge. Den heidenske gravskikken med å legge sverd i grava var meir utbreidd her enn i Sverige og Danmark.

Kjelde: snl.no

1100-talet?

Då Stemsverk la ut bilete av funnet på sida til metallsøkjarar på nettet, fekk han fleire råd om kva slags sverd det kan dreie seg om.

Mellom anna er det ein som refererer til Alfred Geibig sin sverdbladtypologi. Der kan ein lese at sverdfunnet kan vere ein «Klingentyp 6», som blir datert til år 1050-1150. Stemsverk blir og oppfordra til å lese Geibig 1991, side 82 og 153.

Ein påpeiker at ein kan sjå «holslipinga» tydeleg. Av andre kalla blodranda.

Arkeolog Are Skarstein Kolberg ser bileta på sida Arkeologi i Norge og uttaler at det kan vere type P eller type Q-sverd frå 1000-talet. Eventuelt type D eller E, då snakkar me 800-900-talet.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg tok ikkje mål, men sverdet var truleg om lag 70 centimeter langt, seier Stemsverk som gjerne vil vite meir om sverdet. Ikkje minst om det er historiar om andre jordfunne sverd i Gol.

Han er interessert i å finne ut meir om sverdet, Torgeir Vikane Stemsverk. Han vil gjerne høyre historier frå området om det finst nokre.

Arkeologen kjem

Han tykkjer funnet er utruleg spennande og gler seg til å få vite meir om sverdet. Er det ei grav i området? Eller er sverdet mista, eller kasta fordi det var øydelagt? Har det dekor eller inskripsjonar som kan fortelje meir om sverdet?

– Arkeologane er travle, men det er mogleg ein kjem neste veke, seier Stemsverk.

Han har funne mykje søppel med metallsøkjaren sin.

– Dette er det mest spennande eg har funne. Men han som budde i huset mitt tidlegare, fann ei båtøks frå yngre steinalder. Men det var her i området, fortel Stemsverk. Han har vore inne på kulturminnesøk.no og kikka.

Sverdet er no grave ned att til fylkesarkeologen kjem. Området vil han vere forsiktig med å røpe, enn så lenge.

Torgeir Vikane Stemsverk har grave opp både blikkboksar og ein uopna tunfiskboks. Det er mykje rart som ligg i jorda.
Denne vesle metallsøkjaren gir nøyare indikasjonar på kor objektet ligg.
Les også
UP heldt kontroll på utsett plass - det gav fangst
Les også
Ingen pris til Dalseide - men to andre ålingar markerte seg
Les også
Vann «Årets Revynummer»: Sjå det hysteriske vinnarnummeret her!
Les også
Den 91 år gamle forden i fint driv opp bakkane: – Eg heldt full guffe, men også godt auge med temperaturmålaren