Kalendersen som Marit B. Kolstadbråten viser fram, skal skaffe inntekter til endå ein førskule i slummen utanfor Nairobi i Kenya.
Kalendersen som Marit B. Kolstadbråten viser fram, skal skaffe inntekter til endå ein førskule i slummen utanfor Nairobi i Kenya.

Kalender blir førskule i Kenya

Ein kalender med barn frå Kenya og Hallingdal, pluss eit knippe lokale ordførarar skal skaffe pengar til eit nytt grønt hus i Nairobi-slummen.

Bak tiltaket står Deaf Aid og den alltid engasjerte leiaren, Marit B. Kolstadbråten. Med Hallingdal som base driv ho hjelpearbeid i Kenya, særleg retta inn mot døve barn og unge. Resultata ho oppnår gjennom organisasjonen ho stifta og har stått i spissen for i snart ti år, vekkjer oppsikt. Deaf Aid har ord på seg for å drive effektivt. Kort sagt få mykje ut av små midlar.

Difor kan Kolstadbråten skaffe rom for ein ny førskule for inntektene av kalenderen for 2013.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nytt grønt hus

Når Deaf Aid i desse dagar kjem med sin Hallingdal-kalender, er siktemålet å sikre pengar til å byggje ut tilbodet til døve barn i slummen utanfor hovudstaden Nairobi. Kalenderen skal finansiere eit nytt grønt hus. Det vil seie eit førskuletilbod til ungar som er særleg råka, ikkje berre av fattigdom, men fordi dei er døve. Dette har vist seg å vera eit godt tilbod som skal byggjast vidare ut.

Avslører

Kalenderen skal finansiere det heile. Utgjevar er Deaf Aid med Regionrådet for Hallingdal i ryggen. Ordførarane stiller seg bak prosjektet og figurerer i ulike samanhengar med ungar frå sine kommunar på bileta i kalenderen – og kvar av dei avslører ein liten løyndom seg sjølv. Samtidig knyter bileta banda til Afrika og viser litt av kva pengar frå Norge og Hallingdal kan utrette for born på skuggesida.

To til Kenya

Utgangspunktet for det heile er Barnas verdsdagar som Gol kommune arrangerte saman med Rikskonsertane og Deaf Aid, for fyrste gong juni. Det hadde på førehand gått ut invitasjon til skulane i dalen om å delta i ein konkurranse om å brette papirfuglar i ulike variantar og ikkje minst storleikar – og med flott premiering. Vinnarar vart Marius Storebråten frå Gol skule og Embrik Lappegård frå Sando skule. Til våren reiser dei til Kenya for å vera med på opninga av det nye grøne huset salet av kalenderen skal finansiere.

Treng fadrar

Men det nye grøne huset i slummen skal også drivast. Deaf Aid-leiaren har svaret også på det. Parallelt med salet av kalenderen går organisasjonen ut og inviterer folk til å teikne seg som fadrar og på denne måten bidra til drifta. – Greier me å skaffe 120 fadrar, vips så har me pengar til å drive ein ny førskule for døve born i Nairobi-slummen, seier Marit B. Kolstadbråten.