Inviterer til klimadugnad
Nore og Uvdal SV har invitert dei andre partia i kommunestyret til å bli med på ein klimadugnad.
Bakgrunnen er at partiet meiner at den beste og einaste vegen for å unngå ei klimakatastrofe går gjennom lokalt engasjement og handling.
– Me fryktar at handlingslamming skal prege verdssamfunnet i møtet med klimatrusselen. Einaste vegen til å unngå samanbrot går gjennom eit grasrotengasjement, seier lokallagsleiar Lill Samuelsen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ho opplyser at kommunen har klimaplan som del av handlingsplanen som vart vedteken for tre år sidan.
– Mange planar har lett for å bli liggjande utan at det blir gjort noko konkret. Det er på tide å ta klimautfordringane på alvor, få opp engasjementet, begynne å tenkje annleis og innsjå alvoret, seier ho
Grunnen til at SV inviterer dei andre partia til klimadugnad no, er at kommunestyret skal behandle handlingsplanen i budsjettmøtet 15. desember. Dei foreslåtte klimatiltaka vil koste rundt 100.000 kroner årleg å gjennomføre.
– Dette er ei oppfølging av og eit innspel til eit vedtak som kommunestyret har gjort tidlegare. Eg håpar og trur alle partia seier blir med på klimadugnaden, seier Samuelsen.
Nore og Uvdal SV har som mål å bevisstgjera innbyggjarane og gi dei høve til å engasjere seg i klima- og miljøarbeid. Temadag, klimatest, kartlegging av utslepp og ein forenkla versjon av klimaplanen er konkrete forslag som er nemnt i invitasjonen til kommunestyret.