Ordførar i Ål, Solveig Vestenfor (Ap).

Inviterer til infomøte - alle kan kome og stille spørsmål

Ål kommune held informasjonsmøte i Ål kulturhus sundag ettermiddag.

Ordførar Solveig Vestenfor seier det blir eit folkemøte, ope for alle.

– Det blir informasjonsmøte der kommuneleiinga og psykososialt kriseteam deltek. Folk kan legge fram sine behov og stille spørsmål, seier ordføraren.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho har tidlegare beklaga dårleg informasjon rundt skreda som er gått i kommunen. Ho tek det på si kappe, men viser også til dei vanskeleg forholda som oppstod då nett og telefon vart borte tysdag kveld og fram til utpå torsdagen.

Informasjonsmøtet blir i Ål kulturhus sundag klokka 17.

Etter møtet er Ål kyrkje open utover kvelden, frå klokka 19.

Det er også mange spørsmål rundt forsikring. Folk har fått hus og eigedom skadd, og det ventar store forsikringsoppgjer.

– Det blir eit eige møte om dette til veka. Her vil folk få råd om korleis dei skal gå fram. Det er viktig å gjera ting i rett rekkefølgje, seier Vestenfor.

Ho opplyser at Ål kommune legg ut informasjon om forsikring, og tips til folk, på kommunen si heimeside i løpet av fredagen.

Fredag informerer Ål kommune at dei slit med folk som ferdast på vegar og gjer det vanskeleg med oppryddingsarbeid:

– Me har store utfordringar med trafikk som trugar seg fram. Alle må halde seg unna stengde vegar og respektere vaktene, slik at dei som arbeider med vegane får jobbe i fred. Dette er viktig for å kunne klargjere og opne vegane så fort som mogleg, skriv kommunen i ei melding til Hallingdølen.

Artikkelen held fram under annonsen.