Innbrot på Gol

Politiet undersøkte i helga ein bustad i Robølevegen i nedre Gol etter melding om innbrot. Huseigaren har ikkje vore heime i det siste, dermed er tidspunktet for ugjerninga ikkje så lett å tidfeste. Mest truleg er det skjedd i løpet av sist veke. Det er ikkje klart kor stor skade som er gjort og om noko er stole.