Lise Løvdokken.
Lise Løvdokken.

Inn og ut av Ål kommunestyre

Ål kommunestyre godkjenner at ein representant som gjekk ut av kommunestyret i fjor haust, kjem tilbake.

Saka gjeld Lise Løvdokken (Ap) som ynskjer å ta plass att blant dei folkevalde i Ål. Ho fekk fritak i samband med flytting, men ettersom ho igjen er busett i kommunen, søkjer ho om å ta plass som foldevald på vanleg måte. Dette er i tråd med kommunelova. Dette betyr at Yngve Bøygard som har møtt i kommunestyret, går tilbake som 1. vararepresentant. Kommunestyret som hadde saka føre torsdag, hadde ingen merknader.

Kommunestyret innvilga også permisjon frå politiske verv til Ole Tor Oleivsgard (KrF) fram til 1.8 2013. Dette omfattar kommunestyre, formannskap, kommuneplanutval og valnemnd. Søknadene er grunngitt med at arbeidssituasjonen hans har endra seg sterkt sidan valet i fjor haust. Dette påfører mykje arbeid og omfattande reiseverksemd.

Artikkelen held fram under annonsen.

Permisjonen inneber at Ingeborg Kaslegard Frydenlund trekkjer inn i formannskap, og kommuneplanutval og valnemnd i den aktuelle perioden. Børge Bekkestad tek plass i kommunestyret.