Ingen endring i politisk organisering i Ål

Rådmannen i Ål si innstilling om å avvikle to av kommunen sine sektorutval vart nedstemt på kommunestyremøtet sist torsdag. Tilrådinga var at sektorutval for helse og sosial og sektorutval for kultur og oppvekst, skulle bli til eitt felles levekårsutval.

Dette blir då ikkje noko av. Dermed vert det ingen endring i den politiske organiseringa. Dette var også innstillinga frå dei tre sektorutvala.