Rådmann Else Horge Asplin tek ein prat med streikevaktene Ole Vidar Støvik og Mette Bråten. Tonen er god.
Rådmann Else Horge Asplin tek ein prat med streikevaktene Ole Vidar Støvik og Mette Bråten. Tonen er god.

Ingen «bad fellings»

Fleire og fleire nesningar kjenner streiken på kroppen. – Men førebels held me båten flytande, seier rådmann Else Horge Asplin.

Utanfor inngangen til kommunehuset slår ho av ein prat med streikevaktene Mette Bråten og Ole Vidar Støvik.

– Tonen er god, seier Else Horge Asplin.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Begge partar følgjer spelereglane, og det er ei gjensidig forståing. Her er det ingen «bad fellings», seier ho, og får samtykkjande nikk frå streikevaktene.

Skoen trykkjer

Etter at streiken vart trappa opp tysdag morgon, tek den til å merkast i Nes. No er 44 kommunetilsette i streik.

Resultatet er dårlegare reinhald, tre barnehageavdelingar er stengt, tilbodet ved SFO er redusert. Kontorpersonalet innan pleie og omsorg er i streik, og det vil ifølgje rådmannen lage «krøll» i samband med planlegging av den kommande sommarferien. Kontorpersonale i kommunehuset er også råka. Protokollar og sakspapir til dei politiske utvala kan bli forseinka, men det rammar ikkje kommunestyremøtet i dag, torsdag. I uteseksjonen er tiltak stoppa.

– No kjenner me at skoen trykkjer, seier rådmann Else Horge Asplin.
– No kjenner me at skoen trykkjer, seier rådmann Else Horge Asplin.

– Me må sjå på kva som er realistisk å få gjort. Men me kjenner at skoen trykkjer no, seier Horge Asplin.

Ingen reaksjonar

– Har publikum reagert?

– Me har ikkje fått nokon negative reaksjonar frå folk.

– Fryktar du ei ny opptrapping?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me må berre vente og sjå. Ti prosent av dei kommunetilsette i Nes er no i streik. Men dette er ein lovleg konflikt, me kan ikkje ause oss opp over den, seier Else Horge Asplin.

Vil ramme helse

Hovudtillitsvalt for Fagforbundet i Nes og streikeleiar, Eva Stavn, seier at det ikkje blir nokon opptrapping av streiken i denne veka.

Men det kjem ein fase til dersom konflikten ikkje blir løyst, og den vil ramme helse, seier ho.

– Har du gitt dispensasjonar?

– Skuleassistentar som følgjer opp ungar med diabetes har fått dispensasjon. Vidare er det gitt dispensasjon til brannvakta, vakta på renseanlegget og til nokon som hadde fått permisjon før streiken.

– Korleis er streikeviljen?

– Den er stor. KS si framferd skaper også stor irritasjon, seier Eva Stavn.

Nes og Nore og Uvdal

Fagforbundet har teke ut seks kommunar i Buskerud i streik.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nes er den einaste i Hallingdal. Dei andre kommunane i fylket er Drammen, Røyken, Hole, Modum og Nore og Uvdal.