Ilsøy (Sp): - Eg er nesten mållaus
Senterpartiet vart største parti i Hol.
Då stemmene var talte opp klokka 01.00 i natt, viste talet formidable 38,4 prosent.
Det er ein framgang frå 14,4 prosent i 2015 og det største valsjokket i Hol nokon gong. For første gong vinn partiet valet i Hol.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det er rart for meg å seie. Men eg er nesten mållaus, seier Sigrid Simensen Ilsøy.
Feira
Måndag kveld og utover natta feira partiet på Hol Ysteri.
Senterpartiet har segla i medvind over heile landet dei siste to åra. På ei bølge av motstand mot reformer i kommunar, regionar, politi og skattekontor har partiet fronta det som har vorte kalla eit distriktsopprør. Partiet har gjort kraftige byks på dei nasjonale meiningsmålingane og gjorde sitt beste kommuneval nokon gong. I Hallingdal og Nore og Uvdal er det i Hol Senterpartiet verkeleg slår til. Senterpartiet hadde god framgang alt i 2015 med fem prosentpoeng framgang frå 2011. Det gav tre plassar i kommunestyret og varaordførarvervet til Sigrid Simensen Ilsøy.
– Me har vore spente på korleis innsatsen vår siste fire åra, valkampen i tillegg til Senterparti-vinden, seier Ilsøy.
Ho takkar dei som har stått på for partiet.
– Me er utruleg glade for dei som har stått på. Det set me pris på.
Nedgang for Ap
Arbeidarpartiet gjorde eit av tidenes beste lokalval i 2015 med 41,3 prosent i 2015 og fekk ni mandat.
I år viste tala 30,7 prosent. Partiet blir redusert til sju mandat og står i fare for å miste ytterlegare eitt til Høgre. Nedgangen til Ap er stor, men heldt stand over 30 prosent, eit tal partiet ikkje har vore under i kommuneval på 20 år.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Litt større nedgang enn eg hadde forventa. Det har vore ei Sp-bølge og i Hol har dei gjort ein god jobb seier ordførar Petter Rukke.
No er det forhandlingane som avgjer om han får fire nye år.
– Det er tre store parti og det blir spennande å sjå på forhandlingane. Det blir avgjerande for korleis det blir framover. Forhandlingane startar raskt. Målet er å vere ferdige til 2. oktober og det konstituerande møtet, seier Rukke.
Høgre stabilt
Høgre gjekk tilbake 13,4 prosentpoeng til 25,0 i 2015.
Frå åtte til fem mandat. Partiet held stand her med ein liten framgang til 25,4 prosent. Det fjerde og siste partiet i det nye kommunestyret, Venstre, fekk 7,2 i 2015 og fekk inn to mandat. No blir Venstre det minste partiet med 5,6 prosent og tek det siste mandatet av dei 21 plassane i kommunestyret. Valet i Hol var spesielt i år og markerte også eit førebels farvel til KrF og Frp. Dei er ute av lokalpolitikken i Hol dei neste fire åra. Valdeltakinga var på 63,9 prosent. Det er litt opp frå 2015.