Frå utsida ser låven hjå Knut og Nina Dalen framleis ut som ein vanleg låve. Men skinnet bedreg!
Frå utsida ser låven hjå Knut og Nina Dalen framleis ut som ein vanleg låve. Men skinnet bedreg!

I trygge hender hjå «psykolåven»

Du finn løer, sauestall og silo. Men verken fôr, sauer eller kyr. Du har garantert ikkje sett maken til låve.

Driftsbygningen på gardsnummer 39, bruksnummer 19 i Hovet er ikkje som andre driftsbygningar. Dyr har det ikkje vore der sidan 1983, og tradisjonell gardsdrift høyrer fortida til.

Likevel er låven påkosta millionbeløp dei siste par åra. Nærare bestemt den austre delen av den. Der det står «nevropsykolog.no AS» ved inngangsdøra.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tilbake til røtene

Bak etableringa står ekteparet Knut og Nina Dalen, begge spesialistar innan klinisk nevropsykologi. Knut er oppvaksen på garden, som han overtok i 1998 med utsett buplikt.

Faren ville helst at han utdanna seg til jurist og kom tilbake til heimkommunen som det. Men sonen såg det annleis og valde psykologiutdanning. Han vart med tida professor innan faget og var i 36 år tilknytt Universitetet i Bergen.

Etter at han overtok farsgarden, starta planlegginga av ei trinnvis tilbakevending til røtene. Dei siste tre åra har både Knut og Nina vore tilsett i eit kommunepsykologprosjekt i Ål og Hol, begge i 40 prosent stilling. I tillegg har dei hatt engasjement utanfor dalen, kvar på sin kant, og har ei tid også drive sin private praksis i leigd kontor på Geilo.

Inne er «løe» og «sauestall» innreidd til nevropsykologisk poliklinikk.
Inne er «løe» og «sauestall» innreidd til nevropsykologisk poliklinikk.
Med topp moderne hjelpemiddel kan Knut Dalen formidle kunnskap om hjernen på storskjerm.
Med topp moderne hjelpemiddel kan Knut Dalen formidle kunnskap om hjernen på storskjerm.
Slik såg det ut i låven før ombygginga, då han vart nytta som vedlager.
Slik såg det ut i låven før ombygginga, då han vart nytta som vedlager.
Berre skiltet ved den nye inngangsdøra røper kva som finst på innsida.
Berre skiltet ved den nye inngangsdøra røper kva som finst på innsida.

Med «familiesignatur»

Det er det no slutt på. Den praksisen er flytta til låven i Dalen.

Tanken om å byggje om ein del av driftsbygningen til klinikk, kom for eit par år sidan. Og vekte åtgaum hjå fleire enn dei sjølve.

– Jostein Dalen, onkelen min som var arkitekt, vart i fyr og flamme. Dette var det siste han teikna før han døydde i 2011, fortel Knut.

Seinare har sonen til Jostein, Ingar, og kona hans vore interiørarkitektar i låven.

– Så det går ein «familiesignatur» gjennom heile prosjektet, konstaterer han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Gammalt og nytt

Det er om lag 65 kvadratmeter av låvebygningen som er bygd om til ein topp moderne klinikk og utstyrt med det siste av audiovisuelt utstyr og datateknologi. Alt luktar nytt og ser nytt ut. Men den gamle låven kjem enno til syne i enkelte berekonstruksjonar.

Den tradisjonelle «psykologbenken» finst ikkje. Pasientane får i staden sitje i behagelege skinnstolar. Eller på ein gammal fjøskrakk, viss det skulle vere ønskeleg. Ein slik ein står også tilgjengeleg i eine hjørnet.

I alt har ekteparet investert over 3 mill. kroner i prosjektet.

– Me har ikkje valt å bruke låven fordi det var det mest økonomiske. Då ville det nok lønt seg betre å leige lokale. Men me har gjort det slik fordi me også har lyst til å halde ved like og ta vare på garden, fortel Nina.

– Byggearbeidet vart nok også meir komplisert enn me hadde sett for oss. Eigentleg er det no i praksis bygd eit hus inni huset, seier Knut.

Namna på dei nye romma etterlet likevel ingen tvil om opphavet: Søre Luu, Nødre Luu, Sauestallen og Silo’n. Det siste er toalett og dusj.

Mangelvare

Når dei satsar som dei gjer, er det i visse om at dei tilbyr tenester som er mangelvare i heile landet.

– Me synest det er veldig all right å kunne bruke kompetansen vår her, fortel Knut.

Artikkelen held fram under annonsen.

Klinisk nevropsykologi er eit spesialfelt innanfor klinisk psykologi, der ein særleg har kompetanse på samanhengen mellom hjerne og åtferd. Tradisjonelt har ein særleg undersøkt pasientar der ein har mistanke om at vanskane deira skuldast tilhøve i hjernen. Det kan gjelde både unge og gamle. Hjå barn kan aktuelle problemstillingar t.d. vere lærevanskar, åtferdsvanskar, ADHD eller utviklingsvanskar. Hjå vaksne kan det t.d. vere attføringsproblematikk, førarkortvurdering, mistanke om løysemiddelskadar, vurdering etter hjerneslag osb.

Nevropsykologane i Hovet driv i hovudsak med testing og utgreiing av pasientane, berre i mindre grad med behandling. Sjølve testinga tek vanlegvis mellom ein halv og ein heil arbeidsdag. Utgreiinga blir fylgd opp med tilråding og tilrettelegging for vidare oppfølging, i samarbeid med den eller dei som har ansvar for den.

– Me har stor tru på det me held på med. Me har eit jamt tilsig av pasientar og har nok å gjere, fortel Nina.

Ingen av dei som kjem, har heilt sett for seg at dei skal takast hand om i sauestallen ...