Rukkedøla har herja med Rukkedalsvegen.

Har opna mellom Rukkedalen og Nesbyen - men berre for heilt nødvendig køyring

Det vil ta lang tid før Rukkedalsvegen kan opne for vanleg ferdsel. Men no slepp innbyggarane å vere isolert.

– Me jobbar med å få til ein anleggsveg, som er framkomeleg for dei som bur oppi der. Men vegen vil ikkje bli opna for vanleg ferdsel, den vil framleis stå som stengt, seier Syver Øistuen, byggeleiar på driftskontrakt Hallingdal.

Anleggsvegen opnar torsdag kveld.

Artikkelen held fram under annonsen.

Rukkedøla har herja fælt med vegen gjennom dalen. Det har Øistuen sett ved sjølvsyn dei siste dagane.

– Eg tek ikkje i når eg seier det er voldsomme skadar på vegen. To plassar er den heilt grave over. I tillegg er den undergrave mange plassar, seier han.

Det gjer at Rukkedalsvegen ikkje er god å ferdast på.

– Nokre plassar kan det sjå ut som vegbanen er heil, men det kan vere heilt tomt med masse under kanten. Folk som køyrer der må vere veldig forsiktig, og ikkje køyre utpå kanten, seier han.

Torsdag kveld er driftsoperatørar ute for å forsøke å markere kor i vegbanen ein bør halde seg om ein køyrer oppover Rukkedalen.

– Men det vil likevel vere punkt dei ikkje greier å fange opp no, seier Øistuen.

Utfordringa er at Rukkedøla framleis går vill nedover dalen. Det er vanskeleg å starte stor utbetring før vatnet går ned.

– Me kan ikkje begynne å jobbe i ei flaumstor elv, seier Øistuen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sjølv om rukkedølingane no får ein moglegheit til å kome seg ned til Nesbyen, er det viktig å halde trafikken på eit minimum.

– Folk kan kome seg ned for å handle mjølk og brød, og kome seg på jobb, seier Øistuen.

Anleggsvegen vil gå i den opphavlege vegtraseen.

Problema langs Rukkedalsvegen dreier seg om strekninga mellom Vadbrue og avkøyringa til Myking.

– Korleis er stoda vidare oppover mot Tunhovd?

– Der er me ikkje gjort kjent med nokre problem, seier Øistuen.

Dermed er det mogleg å kome seg til hytteområda i Nesbyen, frå Numedalssida.

– Men me ber om at dei som ikkje absolutt treng å køyre gjennom Rukkedalen, let vere, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kor lang tid vil det ta å utbetre heile strekninga?

– Det vil ta tid. Me kan opne att når me etter kvart kjem i gang med vedlikehaldsarbeidet, men det vil likevel vere stengt i periodar. Det vil bli lysreguleringar. Det blir mykje å ta omsyn til i nokre veker framover.