I klem under gaffeltruck
Ein mann har blitt skadd i ei arbeidsulukke ved Bergsjø i Ål.
Politiet fekk melding om ulukka litt før klokka 16 tysdag ettermiddag. Mannen blir frakta til sjukehus i ambulanse. Skadeomfanget er førebels uvisst.
– Det er ein arbeidar som har kome i klem under ein gaffeltruck. Naudetatane er på staden no. Mannen skal vere frigjort, seier operasjonsleiar i Sør-Øst politidistrikt i Tønsberg til Hallingdølen i 17-tida.
Artikkelen held fram under annonsen.
Politiet opplyser at den skadde er ein mann født på 1970-talet og som er heimehøyrande i Gol. Han jobba med utbygging og renovering ved Bergsjøstølen høyfjellsleiligheter.