Sundag morgon brann det i ein bustad i Ustedalen på Geilo, men ingen var heime. (Illustrasjonsbilete)
Sundag morgon brann det i ein bustad i Ustedalen på Geilo, men ingen var heime. (Illustrasjonsbilete)

Husbrann sløkt sundag morgon

Det brann i ein tom bustad på Geilo sundag morgon, men brannvesenet fekk kontroll etter kort til.

Ingen personar skal vere skadd etter at det kom meldingar om brann i eit husvære i Ustedalen sundag morgon i 0720-tida. Tjue minutt seinare melde lokalt brannvesen at brannen var sløkt og at dei hadde kontroll på staden. Politiet melder at bebuarane er bortreist. Området er sperra av, og brannvesenet driv ettersløkking.

Det har elles berre vore nokre mindre hendingar for politiet i løpet av natta. Ein person vart sett i arrest etter slåsting på ein utestad på Geilo i 0330-tida. Det er også mistanke om narkotikabruk, melder politiet på Twitter.

Artikkelen held fram under annonsen.

Frå Hemsedal blir det meld om mykje folk på utestadane, og det har også vore fleire tilløp til slåsting. Ein person vart send til legevakt etter å ha blitt slått ned.

På laurdag føremiddag gjekk det ut melding om snøskred ved Nibbi, også det i Hemsedal. Ingen personar gjekk i skredet, men med aukande snøskredfare, oppmodar politiet fjellfolk om å følge meg på varsom.no for oppdaterte skredvarslingar.

Det er ikkje meld om store problem på vintervegane i distriktet, men laurdag ettermiddag fekk ein semitrailer problem øvst i Kvislabakken på Rv7. Sjåføren vart ståande og spinne, og måtte til slutt få hjelp av tungbilredning for å kome vidare. Det var mogeleg å passere.