Hund ramla i fossen - politiet ber folk varsle om dei ser han
Eigaren har sjølv leita i fleire timar etter hunden sin, som ramla i Rjukandefoss.
Den ulykkelege hendinga skjedde rett etter klokka 11 torsdag.
Hunden, ein Shetland Sheepdog, var uheldig og ramla uti fossen i Hemsedal.
Artikkelen held fram under annonsen.
Eigaren begynte straks å leite etter kompisen sin, men har så langt ikkje funne han att.
Hunden er svart og kvit, med litt brunt. Den er merkt med brikke og er også chippa.
Om nokon skulle sjå ein slik hund, ber politiet om at det blir varsla på telefon 02800.