Torsdag kveld fekk Flå-ordførar Tore Egil Buøen og resten av kommunestyret ein førespurnad frå Vigrid. – Dette høyrer heime i søpla, seier Buøen.
Torsdag kveld fekk Flå-ordførar Tore Egil Buøen og resten av kommunestyret ein førespurnad frå Vigrid. – Dette høyrer heime i søpla, seier Buøen.

– Høyrer heime i søpla

Torsdag kveld fekk alle folkevalde i Flå ein førespurnad frå den nynazistiske organisasjonen Vigrid.

E-posten har dei siste månadene vorte send til fleire kommunestyre over heile landet.

Her tilbyr Vigrid eit samarbeid med kommunane. I Hallingdal er det førebels berre kommunestyrerepresentantane i Flå som har fått denne e-posten.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dette er ikkje noko Flå kommune vil samarbeide med, seier ordførar Tor Egil Buøen kontant.

I søpla

E-posten er signert grunnleggjaren av organisasjon, Tore W. Tvedt, og inneheld kjend tankegods som fornekting av Holocaust og konspirasjonsteoriar.

Samarbeidet med organisasjonen skal bidra til å betre politikaranes samfunnsforståing, hevdar dei. Buøen sletta e-posten med ein gong, men las den då Hallingdølen tok kontakt.

– Dei driv på med sitt. Eg lét den gå i søpla med ein gong. Det er der dette høyrer heime, seier Buøen.

– Forvrenging

Sjølve e-posten tek han ikkje særleg alvorleg.

Tankegodset derimot, reagerer han sterkt på.

– Desse kreftene finst i landet. Det er eit tankegods me ikkje støttar. Det er ei forvrenging av det meste, seier Buøen.

Det er ikkje berre kommunar over heile landet som har vorte kontakta dei siste månadene. Også skular og lærarar har vorte tilbydd «samarbeid» med Vigrid.