Vatnet fløymer i Ålmannvegen i Hol sundag føremiddag.

Små ras, men få skadar i Hol: – Det var heilt på grensa. Eg var glad då det roa seg

Hol kom unna helgas kraftige regnvêr med berre nokre mindre ras. Nokre få innbyggarar tok imot tilbod om å evakuere.

– Det var heilt på grensa. Eg var glad då det roa seg, seier ordførar Petter Rukke til Hallingdølen måndag.

– Var de budd på det som kom?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det vart gjort ein skikkeleg jobb, som gjorde at me greidde halde «Vesle-Hans» i sjakk. Me låg berre i gul sone, slik Hemsedal også gjorde, men bakken er jo metta. Alt vatnet som kjem må berre nedover, seier Rukke.

Sjekka stikkrenner og bekkar

Ved 11-tida sundag melde kommunen at alle som bur i området som vart råka av «Hans» for nokre veker sidan, måtte vere obs. Om nokon kjente seg utrygge, kunne dei få kome til Vestlia og bli der. Hotellet stod klare til å ta folk imot.

– Nokre få valde å evakuere seg frivillig, fortel Rukke.

Rundt klokka 15 hadde ein geolog hadde vore ute for å undersøke Øystre Hol, særleg områda ved Varaldsetvegen, Medhusgrove, Ålmannvegen, Liavegen og Reintonvegen. Vasstanden i bekkar og elvar hadde då gått ned.

– Det gjekk nokre mindre ras. Men det vart ingen større skadar. Me hadde ei skjerpa overvakning, fortel Rukke.

Tok ingen sjansar

Etter ekstremvêret «Hans», som førde med seg fire skred i Hol, tok kommunen ingen sjansar.

Rukke seier det rasa ut i Varaldsetvegen, og kommunen var redd for at det kunne losne lausmassar eller steinar der det gjekk skred for snart tre veker sidan.

Heldigvis gjekk det bra.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg sovna ikkje før klokka 04 natt til sundag. Det er dette styrtregnet som er så spesielt, seier Rukke.

Han er imponert over korleis innbyggarane takla det kraftige regnvêret, så kort tid etter «Hans».

– Folk var på. Me fekk tidleg varsling om hendingar. Folk var flinke til å varsle om endringar dei såg.

Likevel vart det eit hektisk døgn. Sundaf føremiddag var Hallingdølen i kontakt med Kolbjørn Bakken i Hol brann og redning.

– Det er mykje vatn og ekstremt hektisk, sa Bakken.