Ho hadde eit godt tips til avisa - no er ho lykkeleg vinnar av nettbrett
Ida Bjerkan frå Hemsedal vann ein iPad i Tipps-konkurransen til Hallingdølen.
– Eg hadde ikkje fått med meg konkurransen, så eg vart heilt sjokkert då eg fekk melding om at eg hadde vunne, seier Ida Bjerkan.
Bjerkan som for tida er i Bergen og studerer kjønnsstudiar, hadde eit tips avisa burde få.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Eg følte ikkje det var eit så seriøst tips at eg ønskte å sende mail, det var eit for stort steg, seier ho.
Tidlegare same veka hadde ho sett ein reklame for nyheitsappen. Då var det berre å lage ein konto på Tipps. Ho skreiv inn så mykje ho følte var relevant, merka seg sjølv som anonym og la til bileta, før ho sende inn tipset.
Tipset vart brukt og ho vart lønna med poeng for tipset.
– Brukarvennleg
– Korleis var det å bruke appen?
– Det var veldig enkelt. Det var ikkje noko problem å registrere seg, appen var lett og brukarvennleg, svarar ho.
Bjerkan fortel at takhøgda for å sende inn eit tips vart mykje lågare enn å måtte kontakte Hallingdølen via mail. Ho kjem til å ta i bruk appen igjen om ho har eit nytt tips.
– Eg skreiv det eg ville, og så tok Hallingdølen det vidare og laga ei sak.
Vidare fortel ho at det så klart var fint å få ei påskjøning for tipset. Sidan Hallingdølen hadde ein kampanje, enda ho opp med å tredoble poenga sine. Med poenga kunne ho kjøpe seg gåvekort i sportsforretning, og ho fekk Flax-lodd.
Artikkelen held fram under annonsen.
Perfekt å vinne iPad
Bjerkan bur i ei leilegheit i Bergen på 20 kvadratmeter. Det gjer at ho ofte tek med bøkene sine ut. Sidan ho snart har bursdag hadde ho tenkt å ynskje seg ein Ipad i bursdagsgåve.
– Eg sit mest mogleg ute, men det er litt vanskeleg å ta med datamaskin og notatbok ut. Då tenkte eg at ein Ipad hadde vore heilt magisk, seier ho.
– Derfor var heile situasjonen litt komisk då Hallingdølen tok kontakt og fortalde at ho hadde vunne ein Ipad, ler studenten.
Du kan laste ned Tipps i Google Play og App store.