Skinnfellgården på Tuv i Hemsedal kan bli din for 7,9 millionar kroner. Det er nær halvparten av det som var forventninga sist eigedomen var lagt ut for sal.
Skinnfellgården på Tuv i Hemsedal kan bli din for 7,9 millionar kroner. Det er nær halvparten av det som var forventninga sist eigedomen var lagt ut for sal.

Historisk tun til sals

Skinnfellgården i Hemsedal har ein prisforslag på 7,9 millionar kroner. Det er nær halv pris av kva forventningane var sist eigedomen var til sals.

Skinnfellgården er ikkje eit heilt vanleg tun. Frå 1960-talet av bygde Li og Vult Simon tunet på Tuv opp ved å flytte og setje i stand fleire eldre hus frå ulike stadar i Hallingdal.

Eigedomen, som slik sett er som eit museum å rekne, blir selt som fritidseigedom, med høve til å drive næring.

Artikkelen held fram under annonsen.

Frå 15 til 7,9 mill

Eigedomsmeklar i Eiendomsmegler 1, Håkon Wøllo kallar det ein sjeldan eigedom.

– Kvart hus har si eiga historie. Me har fått respons frå interessentane frå sist, pluss nokre nye, seier han.

Sist betyr 2008/2009. Martin Simon, son av Li og Vult, overtok i 1987. Etter fleire forsøk på å ulike modellar for drift på Skinnfellgården annonserte han tunet for sal i 2008. Det var Wøllo som var meklar også den gongen, og det vart sagt at alle bod over 15 millionar kroner ville bli vurdert. Interessentar kom i helikopter.

Nærområdet kan vere i endring

Det var den gongen. Finanskrisa var over oss og eigedomen vart likevel ikkje selt ut av familien – då. I dag er forventningane kraftig nedjustert og situasjonen er ein annan.

– Me meiner prisen er riktig no. Det blir jobba både frå Skistar og grunneigarar i nærområdet med utviklinga av Røggelia som skiområde. Sjølv om det kan vere langt fram, ser me på det som positivt.

– Men det er ikkje kortsiktig profitt å vinne på ein eigedom som dette?

– Nei. Kjøparar bør ha litt interesse for kulturvern, vere litt engasjert i bevaring og ha sansen for historia som sit i veggane. Til no har leigeinntektene vore små, og vedlikehaldsbehovet er ikkje heilt A4, seier Wøllo.

Fleire gamle hus

Vult Simon kom i si tid frå Tyskland og Li frå Danmark. Det som starta som ein sommarferie enda opp med Skinnfellgården. Eigedomen vart i 2003 skild ut frå Skinnfellgården stiftelse. Hovudhuset blir for tida leigd bort på åremål.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eigedomen er på i underkant av 3800 kvm og inneheld ei rekkje eldre bygningar:

n Klokkargarden frå Nesbyen, opphavleg frå kring 1840.

n Skulehus frå Vats i Ål, opphavleg frå kring 1850.

n Stabbur frå Ål, opphavleg frå mellom 1600/1850.

n Stabbur frå Hemsedal, opphavleg frå kring 1875.

n Trev/stall frå Hemsedal, opphavleg frå kring 1880.

n Eldhus/korntørke frå Hemsedal, opphavleg frå kring 1850.