Ulykke Rv52 vest for Robru. Her er det ofte svært glatt. (Arkivfoto)
Ulykke Rv52 vest for Robru. Her er det ofte svært glatt. (Arkivfoto)

Her er vegane aller glattast

Ulykka som kravde tre menneskeliv på Rv7 ved Veme 10. februar i fjor skuldast såpeglatt veg. No vil Statens vegvesen få slutt på dette.

Glatt vegbane fekk ein stor del av skulda for at tre menneske omkom då ein buss og ein semitrailer kolliderte. Statens vegvesen er no godt i gang med å opprette eit register for vegar som treng ekstra tilsyn vintertid. Målet er å redusere faren for at likande ulukker skal skje att.

Fleire stader i Hallingdal

I Hallingdal er det fleire strekningar på både, Rv7, Rv52 og Fv50 som alt har hamna på lista. Desse vegstrekkjene må passast ekstra godt på døgnet rundt med tanke på ising og riming.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me vil fylgje ekstra godt med på Rv 7 ved Gulsvik bru, Svenkerudbrua i Nes og ved Torpomoen. På Rv52 er det ved Robru og Granheim. På Fv50 er det ved Hivjufossen, fortel avdelingsdirektør i Statens vegvesen, Hans Jan Håkonsen.

– Er det spesielle utfordringar i Hallingdal sidan det ligg i ein dal med open elv over lange strekningar, låge temperaturar og mykje snø?

– Me er merksame på det. Fyrst og fremst er det ved bruer, nær elvar og vassdrag det er størst isingsfare.

Jarle Stanes, Hallingdølen)
Jarle Stanes, Hallingdølen)
Statens havarikommisjon for transport (SHT) har bede Statens vegvesen laga eit register som kan kartleggje kva vegstrekningar dei bør vera ekstra nøye med bruk av salt og sand. Årsaka er dødsulukka som kravde tre liv på Rv7 ved Veme for eitt år sidan.
Statens havarikommisjon for transport (SHT) har bede Statens vegvesen laga eit register som kan kartleggje kva vegstrekningar dei bør vera ekstra nøye med bruk av salt og sand. Årsaka er dødsulukka som kravde tre liv på Rv7 ved Veme for eitt år sidan.

Statens vegvesen har sett i gang dette arbeidet etter tilråding frå Statens havarikommisjon for transport (SHT). Tilrådinga kom etter ulukka ved Veme.

Meir salt

For å få betre friksjon etter vegane, vil Statens vegvesen salte eller strø på ein annan måte enn dei vanlegvis gjer, fortel Håkonsen.

– Betyr det at de vil bruke meir salt på vegane?

– På nokre punkt kan det bety meir salt.

Dersom det hadde vore vinterføre og ikkje salting i heile regionen, ville ikkje det ført til eit meir stabilt vinterføre der trafikken ville teke det rolegare?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det kan hende, men det vil vera spekulasjonar. I dag er det mange forhold som avgjer om det skal saltast eller ikkje. Trafikkbiletet, til dømes. Er det mykje trafikk, skal det vera bar veg. På stader med mindre trafikk, blir det brukt mindre salt. Då ulukka på Veme skjedde, køyrde trafikken som det var bar veg, medan det var eit tynt islag, fortel Håkonsen.