Jan Olav Helling, helse- og sosialsjefen i Hol kommune, blir rådmann i Hemsedal.
Jan Olav Helling, helse- og sosialsjefen i Hol kommune, blir rådmann i Hemsedal.

Her er den nye rådmannen i Hemsedal

Jan Olav Helling (49) blir rådmann i Hemsedal. Han går frå jobben som helse- og sosialsjef i Hol.

Jan Olav Helling blir tilsette som rådmann i Hemsedal kommune. Han tek til i stillinga så snart han blir løyst frå oppgåvene som helse- og sosialsjef i Hol.

Helling bur på Ål og arbeidde ei tid som forvaltningskonsulent i helse- og sosialsektoren, og som personalsjef i heimkommunen, før han i 2008 vart sjef for helsesektoren i Hol. Her har han leia ni avdelingar, med til saman 250 tilsette og hatt økonomiansvar for eit driftsbudsjett på 250 millionar kroner. Han har ikkje rådmannserfaring frå før.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det hadde heller ikkje Ole Johnny Stavn då han kom til rådmannsstolen i Hemsedal i oktober 2015. Han sa opp alt 23. februar i år for å bli rådmann i Hol. Når Helling vil ta over etter han må Stavn skaffe seg ny leiar for helse- og sosial.

Det stod til slutt mellom tre kandidatar til rådmannsjobben i Hemsedal. Kommunen søkte ekstern hjelp for å gjennomføre dei siste intervjua. Liv Braathen i Bønes Virik hadde ei klar tilråding til innstillingsnemnda, heiter det i saka som skal opp til kommunestyrebehandling 7. september. Formelt er det kommunestyret som tilsett kommunens øvste leiar.

Jan Olav Helling har takka ja til jobben.