Her blir brua over Rv7 nok ein gong stengt.

Her blir brua over Rv7 stengt på nytt - uvisst når den opnar att

Onsdag kveld vart brua over Hallingdalselva i Nesbyen stengt for andre gong.

Då Hallingdølen passerte staden rundt klokka 19.30 vart det sett opp sperringar på begge sider av brua: Hit, men ikkje lenger.

Det same skjedde også tidlegare onsdag; då var det mistanke om sig i fylling eller fundament under brua. Viken fylkeskommune kom på inspeksjon, men fann ingen feil eller synlege skader.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dermed vart brua opna att - men altså berre i nokre timar.

Brua over Hallingdalselva var stengt også tidlegare onsdag.

Seinare melder Nesbyen kommune at brua førebels er stengt. Dette skal vere for å sikre seg mot eventuelt mykje regn gjennom natta. Kommunen kjem samtidig med ei oppdatering på alle vegane i kommunen:

* Rv7 er framleis stengt. Det er Statens vegvesen som har ansvar for riksvegen, og avgjer når den opnar att. Først må vasstanden gå ned.

* Rukkedalsvegen er framleis stengt, og ikkje køyrbar mellom Nesbyen og Rukke. Vegen frå Numedal via Jordesli til Rukkedalen/Bostjern/Nystølen er bekrefta open.

* Rudvegen er åpen.

* Liodden bru er framleis stengt, men det går an å køyre via Todalen.

* Alfarvegen er open, inkludert Hahjembrua, som vart opna for normal drift i onsdag ettermiddag.

* Vegar som er sjekka ut og er farbar: Vassfarvegen fram til bommen, Thoen, Storeli, Benterudvegen, Fløtavegen og Liavegen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Entreprenør er i gang med utbetringar på Gjeitsund og Bergheim. Entreprenør er også i gang med utbetringar på Espeset og i Gudbrandsrud.

Lurer du på status for Rv7 oppover dalen? Den kan du sjå her.