Held fast ved planen
Politimeister Christine Fossen foreslår nedlegging av Ål- og Flå lensmannskontor i si endeleg innstilling.
Politimeisteren i Sør-Øst politidistrikt sender no tilrådinga si til Politidirektoratet. Dermed er politireforma kome eitt steg vidare.
For Hallingdal er det ingenting nytt i den endelege tilrådinga frå Fossen. Sist veke gjekk ho offentleg ut og justerte sitt opphavlege forslag ved at Hallingdal blir eiga tenesteeining og at Nes og Flå blir slått saman og får felles lensmannskontor i Nes.
Artikkelen held fram under annonsen.
Frå før vil Christine Fossen behalde Hol lensmannskontor på Geilo, og Gol og Hemsedal lensmannskontor som no får namn Midtre Hallingdal lensmannskontor med ansvar også for Ål.
Ål lensmannskontor og Flå lensmannskontor blir lagt ned.
Nore og Uvdal lensmannskontor overlever strukturendinga og blir ein del av tenesteeining Kongsberg.