Held fast på nedlegging av Sando
Dagane er talde for Sando skule. Men felles rektor for Skattebøl og Nedre-Ål kan liggje lenger fram i tid.
Ingen skal skulde sektorutval for kultur og oppvekst (SUKO) i Ål for å ta lett på det. Det utløyste ikkje mindre enn 41 innlegg/replikkar og nær to timars ordveksling før utvalet tysdag kom fram til si endelege innstilling om strukturendring i oppvekstsektoren.
Etter at utvalet kom med si førebelse tilråding for ein månad sidan, har saka vore ute på høyring. Det har resultert i 23 høyringsuttaler. Med bakgrunn i desse tok SUKO no opp til vurdering om det var grunnlag for å endre den fyrste innstillinga.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ikkje liv laga
Eit einstemmig sektorutval held fast på innstillinga frå februar om å leggje ned Sando skule frå komande haust. Senterpartiet har lenge kjempa for skulen, men no innsåg Bjørg Torsteinsrud (Sp) at slaget var tapt.
– Det er ingen veg utanom ei nedlegging, men det er med stor ulyst eg er med på det. Men foreldre ønskjer ei slik ordning, og me høyrer på folk, sa ho.
Sigrun Jorde (H) konstaterte at ein ikkje kan oppretthalde ein skule som ikkje har elevar. Slik er det berre.
– Men det er viktig å vere ærleg på at det snart kan resultere i ein situasjon som gjer det nødvendig med ei utbygging ved Nedre-Ål, understreka ho.
For tidleg
Det verka som om alle såg «Sando-slaget» som avgjort. Mesteparten av debatten kom til å dreie seg om forslaget om å innføre felles rektor for skulane Skattebøl og Nedre-Ål frå neste skuleår. Her uttrykkjer mesteparten av høyringsuttalene, mellom anna frå lærarhald, stor skepsis. Dette fekk utvalet til å snu. Fleire som hadde ordet, innsåg at det er for tidleg med ei slik ordning. Jan Egil Grue (Ap) foreslo å stryke dette punktet i innstillinga. Han frykta at Skattebøl kom til å lide med felles rektor.
Berre Ellen Opsato Mikkelrud (V) ville halde på tilrådinga om felles rektor. Ho såg det berre som ei føring for eit tettare samarbeid mellom skulane. Då ho vart aleine om dette synet, røysta også ho subsidiært saman med eit einstemmig utval for å fjerne punktet om felles rektor. Utvalet ber i staden rådmannen arbeide vidare med ei eventuell samanslåing av Skattebøl og Nedre-Ål.
«Mistillitserklæring»
Venstre-representanten var elles provosert av mange av høyringsuttalene som har kome. Ho meinte dei vitnar om utruleg liten tillit til dei som arbeider i oppvekstsektoren.
– Det er sett fokus på alt som kan gå gale. Uttalene er ubetinga kritiske og ubetinga negative. Og den omtalen Nedre-Ål skule har fått i denne saka, er ufortent - og eit tankekors, sa Opsato Mikkelrud.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Negativ omtale er noko Sando skule har opplevd i fleire år, repliserte Bjørg Torsteinsrud.
Utvalsleiar Birger Jorde (KrF) retta avslutningsvis søkelyset mot det siste punktet i innstillinga, om å opprette kommunal barnehage i Sando skule.
– Å byggje opp ein barnehage der er nesten det finaste med heile denne saka. Det ligg utruleg fint til rette for det, slo han fast.
Innstillinga frå SUKO går no vidare til formannskapet 16. april og til endeleg avgjerd i kommunestyret tre dagar seinare.