Tilhøvet mellom enkelte politikarar og administrasjonen i Nes kommune er på lågmål.
Tilhøvet mellom enkelte politikarar og administrasjonen i Nes kommune er på lågmål.

– Har vurdert å gå til politiet

Fleirtalsstrioen i teknisk utval i Nes kommune har ikkje tillit til kommunalsjef Svein Magne Bråten Juvhaugen.

Som lyn frå klar himmel vart denne beskjeden formidla i innleiinga av teknisk utvals møte tysdag.

Trioen Rune Ihle (H), Frode Aaslid (Uavhengig) og Helge Rustand (Sp) bad om gruppemøte, og det var etter dette gruppemøtet dei stilte spørsmål ved rolla til Juvhaugen, trass i at han møter som rådmannens representant i utvalsmøta og også fører protokollen. Årsak: Dei har ikkje tillit til han.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg vart heilt forferda, eg hadde ikkje venta dette, seier utvalsleiar Nils Rodegård frå Bygdelista.

Rodegård ville utsetje møtet, men dei tre som utgjer fleirtalet ville halde fram. Kommunalsjefen fekk vere til stades, og han førte også protokollen.

Enda heitare

Dermed har den oppheita striden i Nes kommune vorte enda heitare. No har trioen Ihle, Aaslid og Rustand, som tidlegare la fram eit over fem sider langt notat med skuldingar og påstandar mot teknisk etat, peika på ein tilsett: Kommunalsjefen.

Kommunalsjef Svein Magne Bråten Juvhaugen smiler på dette arkivbiletet. Men det var før dei sterke skuldingane mot teknisk etat vart sett fram.
Kommunalsjef Svein Magne Bråten Juvhaugen smiler på dette arkivbiletet. Men det var før dei sterke skuldingane mot teknisk etat vart sett fram.

– Eg er overraska, men samtidig er eg heller ikkje det, seier Juvhaugen.

Dette skjer berre fem dagar etter at det i to dagar i eit utvida møte med kontrollutvalet, dei politiske partia og representantar frå administrasjonen hadde vorte semje om vegen vidare. Det vart røykt fredspipe. Men våpenkvila varte ikkje mange dagane.

– Bagatellar

Kritikarane har heile tida hevda at det er ein systemkritikk. Opptrinnet i teknisk utval kan tyde på noko anna. I kontrollutvalet la dei fram dokumentasjon på skuldingane.

– Det var frykteleg tynne saker, seier Bråten Juvhaugen.

– Går kritikken på deg?

Artikkelen held fram under annonsen.

– I det eine sekundet er det meg, like etterpå er det heile etaten. Dei meiner at eg har mykje skuld. Mykje av dette er bagatellar som kunne ha vore ordna opp der og då. Kontrollutvalet meiner at me må prata saman og ordne opp. Men det er eg som frontar teknisk etat og som får skulda.

– Er det du som er problemet?

– Eg føler ikkje det. Eg ser ikkje at det er eg som er problemet.

– Er du bekymra?

– Det er nokre tilsette som er meir bekymra enn eg.

– Kva har de gjort gale på teknisk etat?

– Eg trur ikkje me har gjort noko gale.

– Føler du kritikken som ei trakassering?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ja, eg gjer det. Eg har vurdert fleire gonger om eg skal gå til politiet. Det går både på innhaldet i notatet deira og måten dei opptrer på. Eg vurderer om eg skal melde dette til politiet.

– Korleis er det å jobbe under desse forholda?

– Det er ikkje enkelt.

– Heksejakt

Midt opp i alt dette sende ein gardbrukar eit brev til kommunen i februar og hevda at Juvhaugen hadde spreidd husdyrgjødsel på open åker på eigedommen sin i Børtnesødegårdene i fjor sommar. Nes kommune sende saka over til Gol kommune som konkluderer med at det ikkje er grunnlag for å gå vidare med den. Med andre ord: Det blir mykje på ein gong for Svein Magne Bråten Juvhaugen.

– Eg føler det som ei heksejakt. At nokon er etter meg. Det er tøft. Men eg har gode støttespelarar og ein god backing i rådmannens leiargruppe. Etter påske grua eg meg litt til å begynne på jobben att. Men det var godt å kome tilbake.

– Har du vurdert jobben din?

– Det vil eg ikkje svare på, seier Svein Magne Bråten Juvhaugen.

Full tillit til kommunalsjefen

– Eg vart overraska.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det seier rådmann Torbjørn Hansen.

Han var til stades i møtet i teknisk utval. På grunn av turbulensen har han møtt der den seinare tid. Utspelet og mistilliten mot kommunalsjefen kom uventa ettersom det hadde vore eit avklarande møte mellom kontrollutvalet og dei politiske partia.

– Der var det semje om at kontrollutvalet skal ha kontroll med den vidare prosessen, seier Hansen.

– Har du tillit til kommunalsjef Svein Magne Bråten Juvhaugen?

– Ja.

– Vil han framleis møte i teknisk utval?

– Ja, seier Torbjørn Hansen.

Forstår ikkje kritikken

Leiar i teknisk utval, Nils Rodegård frå Bygdelista, forstår ikkje kritikken.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kommunalsjef Svein Magne Bråten Juvhaugen er fagleg dyktig og ikkje minst ryddig. Eg forstår ikkje kva kritikarane har mot han, seier Rodegård.

– Korleis reagerer du?

– Eg tenkjer på dei tilsette. Skuldingane som er sett fram er grove. Det har resultert i sjukemeldingar. Eg er bekymra. Samtidig har teknisk etat administrativt behandla 50 delegerte saker den siste månaden. Det er utruleg bra gjort, og det er prisverdig i den situasjonen me er i.

Rodegård reagerer også på at det vart stilt spørsmål ved kvifor Bråten Juvhaugen var til stades i møtet i teknisk utval.

– Rådmannen sender kven han vil til utvalsmøta. Det er det han som styrer, seier Nils Rodegård.