Stoppa tre bilar med sju personar etter innbrot - alle dimittert
Politiet trudde dei var på sporet då dei stoppa tre bilar etter innbrot på byggeplass i Hemsedal.
I løpet av helga vart det stole verktøy frå ein byggeplass i Holdeskarvegen. Kappsag, kompressor og verktøykasser var av tinga som var borte.
Måndag morgon var ein politipatrulje på staden for å gjera undersøkingar.
Artikkelen held fram under annonsen.
Stoppa tre bilar
Etter ei stund vart tre bilar stoppa, eit stykke unna der innbrotet skjedde. I bilane var det sju personar og ein god del verktøy.
– Alle sju blir teke med til politistasjonen, og politiet mistenker at personane med utanlandske adresser har vore innblanda i tjuveriet, skreiv politiet på Twitter.
Litt seinare måtte dei konstatere at saka på ingen måte er oppklart.
– Etter nøye undersøkingar på innbrotsstaden, og sjekk av verktøy, er alle sju personane dimittert av patruljen, opplyser Trond Egil Groth ved politiet i søraust.
Har sikra spor
Dei fann med andre ord ingenting frå tjuveriet i Holdeskarvegen. Dermed held etterforskinga fram i andre spor.
– Me gir ikkje opp, sjølv om dei tre bilane var bom. Me har sikra fleire spor på staden der verktøyet vart stole, opplyser Groth til Hallingdølen.
Ikkje fyrste gongen
Det er ikkje fyrste gongen det er stole utstyr frå byggeplassar i Hemsedal. Tidlegare i desember vart det teke utstyr frå ein byggeplass i Rådyrlia verdt over 100.000 kroner.
Den gongen vart to containerar brotne opp. Tjuvane fekk med seg to sveiseapparat og ei stor handhalden boremaskin.
Artikkelen held fram under annonsen.
Politiet sikra seg spor den gongen. Spora viste seg å vere frå skisko.