Har investert millionar: – Me brukar ny teknologi til å formidle gamal historie
Med eit par AR-briller på nasen ser du Tor med hammaren fly over himmelen på Vikojordet. Gordarike har tatt steget inn i den teknologiske verda.
Det siste halvtanna året har Torbjørn Rustberggard jobba med eit nytt prosjekt i mellomalderparken Gordarike i Gol. Økonomisk støtte frå Innovasjon Norge har gjort det mogeleg å ta steget inn i den digitale verda.
I tillegg til nye utstillingar og ferdigstilte bygg, finn ein no både QR-kodar og AR-briller i parken.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Me fekk støtte frå Innovasjon Norge på nærmare 2,5 millionar. Det er det som har gjort dette mogeleg, seier Rustberggard.
AR-briller
Står for «Augmented reality» eller «Utvida verkelegheit». AR legg ekstra innhald på den verkelege verda framfor deg. Eit døme er at du ser på stavkyrkja, medan ein digital viking-figur spaserer forbi og gir deg informasjon om plassen.
QR-kodar og skjenkeløyve
Langhuset er sett i stand med brukthandel og utstilling av gamle verktøy og utstoppa dyr. Her rullar informasjonsfilmar om korleis kopien av stavkyrkja vart bygd. Ei utstilling av hallingbunader er også klar for å ta imot publikum. På loftet kan ein sjå Fanitullen bli spelt. Små plakatar med QR-kodar opnar ein ny måte å formidle historiene på.
– Ein skannar kodane og får opp korte videosnuttar på telefonen. Utlendingane synest det er veldig stas, fortel Rustberggard.
Han kan også klippe snora inn til den nye restauranten Valhall. Med både serverings- og skjenkeløyve på plass er han klar til å ta imot selskap, turbussar og bubilturistar. Ting ser lysare ut no enn på lenge, skal ein tru mannen bak Gordarike.
– Pandemien var ingen spøk, og me har hatt visse utfordringar undervegs. Men eg har seld unna ein del eigedom for å stå betre rusta. Når ein skal byggje opp noko som dette tek det både tid og kostar pengar. No føler eg verkeleg at me er på god veg, seier Rustberggard.
– Første i Norge?
Krona på verket er dei ny AR-brillene som følgjer med ein guida tur gjennom parken. Rune Resset har leia prosjektet. Hallingdølens journalist får utdelt eit brillepar, ein fjernkontroll og headset. Turen startar ned grusvegen mot stavkyrkja.
– Me er vel dei første i Norge som tek i bruk denne typen briller på ein slik måte, seier Resset.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ei rekke postar står plassert rundt i mellomalderparken. Når ein kjem nærme nok startar videoen å rulle. Ein ser framleis landskapet framfor seg, men får raskt selskap av ein vikingfigur som peikar og fortel om omgjevnadene. Ein eigen, digital guide.
– Nokre av scenene er filma i 360 graders format. Du kan sjå rundt deg, opp og ned, forklarar Resset.
Står midt på slagmarka
Ei lengre kampscene frå Vikojordet utfoldar seg i brilleglasa. Med utsikt mot Hahaugen får ein historia om det segnomspunne Hahaughornet, krydra med lyd og bilete.
– Det artige er at me kan lage scener der ting skjedde. Me brukar ny teknologi til å formidle gamal historie, seier Rune Resset. Lyden av torevêr gjer at ein løftar blikket mot himmelen. Der flyg Tor med hammaren over hovudet på tilskodaren.
– Filmane som blir vist i brillene er laga gjennom vinteren. Noko har me produsert sjølve og noko er laga av andre.
Resset meiner fordelen med denne teknologien er at det stadig kan fornye seg. Det er berre å spele inn nye videoar og programmere brillene på nytt.
Vil satse vidare
Dei har alt fått testa det nye konseptet på publikum.
– Hittil i år har det vore mange tyskarar. Førebels er historiene berre lest inn på norsk og engelsk, men det vil me gjere noko med til neste år. Me har fått gode tilbakemeldingar, svarar Resset.
Artikkelen held fram under annonsen.
Torbjørn Rustberggard er glad for at parken har fått meir innhald og fleire opplevingar. Tomme hus har fått ein funksjon, og planane om å ruste opp endå meir er freistande å fortelje om. Men kanskje ikkje heilt enno:
– Plassen har framleis mykje urbukt potensial, og vil kunne bli ein arena som kjem heile bygda til gode. Satsinga eg planlegg til neste år er kanskje vel så viktig, seier han.