Har gjort tekniske undersøkingar
Politiet har ikkje lenger mistanke knytt til ein kvit varebil etter gullsmedinnbrptet i Gol i natt.
Politiet fekk melding om innbrotet klokka 02.43 natt til fredag etter at alarmen i butikken gjekk. Kort tid etterpå var både politiet og innehavaren på staden.
Tjuvane hadde fjerna lister rundt vindauget og fjerna heile vindauget før gjerningsmennene tok seg inn i butikken. Politiet ser ikkje bort ifrå at det har vore fleire personar involvert i innbrotet.
Artikkelen held fram under annonsen.
Politiet hadde fredag morgon ikkje oversikt over kva som var stole.
Politiet fanga interesse for ein kvit varebil som forsvann på Rv52 i retning Robru. Dermed var jakta i gang. Frå klokka 03.00 i natt var fleire politipatruljar og eit politihelikopter ute og leita etter den kvite varebilen.
Fredag ved 12-tida slo politiet fast at bilen ikkje lenger er i politiets søkelys.
- Tipset om kvit kassebil er sjekka ut og ikkje aktuelt lenger, skreiv politiet på Twitter.
– Korleis jobbar politiet vidare med denne saka?
– Me kjem til å gå gjennom all videoovervaking i sentrum, og det vil kome kriminalteknikarar til Gol for å sikre spor, fortalde operasjonsleiar Ole Kristian Bækkedal til Hallingdølen fredag morgon.
Dei kriminaltekniske undersøkingane på staden er no gjennomført.
Politiet ber folk som observerer ting langs vegane i området i natt om å kontakte politiet.