– Har funne pengar
Leiar i Nes Høgre, Rune Ihle, varslar konkrete forslag.
– Me har funne pengar i budsjettet. Det er ikkje snakk om å kutte. Dette skal gå greitt utan eigedomsskatt, seier han.
– Dekker forslaget inn dei 14 ekstra-millionane i eigedomsskatt som rådmannen har lagt inn i budsjettet frå 2017?
Artikkelen held fram under annonsen.
– 14 millionar er eit usikkert tal. Me veit heller ikkje om noko av dette skal pløyast tilbake, til for eksempel hytteeigarane. Me veit for lite om konsekvensane.
Ifølgje Ihle er det ikkje berre Høgre som reagerer. Det gjer også hyttefolket.
– Har Høgre mobilisert ein motstand i fjellet?
– Nei, me har prata med folk, men det er ikkje snakk om nokon organisert kampanje, seier Rune Ihle.