Håpa på Hallingtinget, men så var dette med Høgre og Sp då…: – Dette er ikkje samarbeid og det er ikkje rausheit
Kven skal snakke for Nesbyen kommune i Hallingtinget fram til 2027? Spørsmålet vart kjelde til diskusjon kommunestyret torsdag.
Der bestemte valvinnarane, Høgre og Senterpartiet at Arbeidarpartiets ordførarkandidat ved sist val, Adnan Helja, må ta til takke med ein varaplass. I staden kom den ferske Ap-politikaren Anne Marie Kollhus inn, som følge av kjønnskvotering.
Verkebyll
Nesbyen har fem utsendingar til Hallingtinget, og Adnan Helja har gitt sterkt uttrykk for at han gjerne ville dit. Men etter valet i haust har spørsmålet tydleg utvikla seg til ein verkebyll.
Artikkelen held fram under annonsen.
Då kommunestyret hadde konstituering 12. oktober, vart saka utsett. Saka kom difor opp att i det første møtet etter konstitueringa, altså torsdag kveld. I valstyret 20. oktober var det gjort eit vedtak som sette Ap og Bygdelista heilt på sidelina. I kommunestyret hadde derimot fleirtalet bestemt seg for at Anne Marie Kollhus (Ap) kjem inn med fast plass. At det vart henne og ikkje Adnan Helja, forklarte Bård Heilo (H) med kjønnskvotering.
Begge blokkane i kommunestyret hadde lese seg opp på lovverket før møtet torsdag, og begge meinte dei har lova på si side når det gjeld kven som bør representere Nesbyen i interkommunale fora.
Breiare representasjon
Dei nye representantane for Nesbyen i Hallingtinget, i tillegg til ordførar Anne Kari Eriksen (Sp), blir dermed Geir Olav Garthus (Sp), Kristian Noreng (H), Bård Heio (H) og Anne Marie Kollhus (Ap). Adnan Helja (Ap) og Heidi Hovind Sezer (Bygdelista) kom med som vararepresentantar.
Representantar til Hallingtinget 2023-2027 frå Nesbyen:
Anne Kari Eriksen (Sp)
Geir Olav Garthus (Sp)
Kristian Noreng (H)
Bård Heio (H)
Anne Marie Kollhus (Ap)
Vararepresentantar Sp: Sigrid O. Sagabråten, Hildegunn F. Mikkelsplass, Kjell Ålien og Sigvald Thoen
Vararepresentantar H: Endre Storhaug, Kim Bråten, Rune Ihle og Are Noreng
Vararepresentant Ap: Adnan Helja
Vararepresentant BL: Heidi Hovind Sezer
Heio brukte god tid på å gjera greie for det juridiske grunnlaget for deira framlegg. Han slo fast at framlegget i valutvalet også kunne ha blitt ståande, men at det alltid er betre med ein breiare representasjon.
– Det er ingenting i vegen for at fleirtalet kan vera rause i ei slik sak, og la mindretalet vera representert i Hallingtinget, sa han.
– Er dette lovleg?
Reaksjonen kom kjapt frå Adnan Helja då Heio hadde lagt fram sitt forslag.
– Dette er ikkje samarbeid og dette er ikkje rausheit. Høgre og Senterpartiet kan ikkje lure innbyggarane med å kalle det det. Når det skal veljast representantar til Hallingtinget, samarbeidsorganet for kommunar i Hallingdal, så skal det ha politisk forankring. Forslaget gir ikkje god nok representasjon, sa Helja.
Artikkelen held fram under annonsen.
Han kom med eit alternativt forslag på at han sjølv og Heidi Hovind Sezer (Bygdelista) måtte få plass i Hallingtinget.
– Går ikkje vårt framlegg gjennom, sender me saka til lovlegheitskontroll, varsla Helja.
– Berre send
– Me visste dette kom til å koma, svara Høgres Bård Heio:
– I rausheitens namn, så gjorde Bygdelista det så dårleg at dei ikkje skulle ha vore i eit einaste utval. Slik var det ikkje ved førre val. Me var rause sist, og sa at Bygdelista blir med. Men når me skal ut av kommunen, så har me ein samarbeidsavtale som er signert. Den vil me sikre blir følgd opp i Hallingtinget. At Ap blir med, er greitt. Dei var trass alt det tredje største partiet ved valet, sa han.
Til Helja sitt framlegg om lovlegheitskontroll, svara Heio:
– Det er heilt legitimt med eit anna framlegg frå Ap. Viss det blir nedstemt, så send saka til lovlegheitskontroll.